Ferievikarar sommaren 2026
HELSE OG OMSORG, Stad kommune
- Frist 17.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
2. gongsutlysing
Stad kommune søkjer etter ferievikarar i helse og omsorg for sommaren 2026!
Vi søkjer etter deg som har lyst på ein meiningsfull sommarjobb i Stad kommune i perioden juni – august 2026.
Kanskje du har erfaring frå arbeid innan helse, er under helse- og sosialfagleg utdanning, eller lurer på om dette yrket er noko for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
Vi ber deg spesifisere i søknaden når i perioden du kan arbeide, og om du har særskilt ønskje om arbeidsstad.
Viss du er under relevant utdanning er det fint at du spesifiserer kva fagretning du studerer, og kor langt du er kome. Du er også velkomen til å søkje om du studerer andre fag.
Som tilsett hjå oss vil du få ein meiningsfull og kjekk sommarjobb i eit godt arbeidsmiljø med engasjerte og kvalifiserte kollegaer. Du vil få god opplæring og høve til å tileigne deg kunnskap og erfaring om helse- og omsorgsfaget.
Under finn du ei oversikt over einingane som tilbyr sommarjobb, og kvar i kommunen dei er plassert.
Du finn også meir utfyllande informasjon i vårt tenestemagasin
Oversikt over einingane som tilbyr sommarjobb
- Institusjonane og institusjonskjøken
Hogatunet, Nordfjordeid
Seljetunet, Selje - Heimetenesta
Nordfjordeid:
Ambulerande heimeteneste og Fossevegen bufelleskap
Selje/Stadlandet:
Ambulerande heimeteneste og Fredly/Flatebø bufelleskap - Helse
Legekontor, Nordfjordeid og Selje - Interkommunale helsetenester
Legevakt og øyeblikkeleg hjelp, Nordfjordeid - Bu- og miljøtenesta
Avdeling indre
Myroldhaug/Gjerdane, psykisk helse og rus
Myroldhaug, teneste for funksjonshemma
Elvebøen, teneste for funksjonshemma
Barneavlastning
Psykisk helseteam og uteteam
Avdeling ytre
Bu- og miljøtenesta ytre, tenesta for funksjonshemma (tre bufellesskap)
Arbeidsoppgåver
- Ferievikarane skal utføre oppgåver innan pleie og omsorg utifrå opplæring og kompetanse
- Arbeidsoppgåver ved Interkommunale helsetenester (ØHD og legevakt) er rettleia sjukepleiaroppgåver som observasjonar, assistere ved konsultasjonar og triagering av pasientar, og utkøyring av lege med legevaktbil. God opplæring vil bli gitt.
- Du inngår i turnus og arbeider saman med fast tilsette
Kvalifikasjoner
- Du bør helst vere fylt 18 år
- For arbeid i Heimetenesta må du som hovudregel ha sertifikat og kunne disponere bil
- For arbeid i Interkommunale helsetenester må du vere under utdanning innan sjukepleie eller medisin, og kommunisere godt i norsk og engelsk. Må ha førarkort kl. B.
- Du må levere politiattest før start i stillinga
Personlege eigenskaper
- Vi søkjer ferievikarar som er nøyaktige, motiverte og som viser respekt
- Du er interessert i andre menneske og i tenesteområdet
- Du tek rettleiing og er flink til å følgje prosedyrar på arbeidsplassen
- Du er sjølvstendig, har gode samarbeidsevner og tek initiativ
- Du forstår betydninga av teieplikt om helseopplysningar og anna sensitiv informasjon
Vi tilbyr løn etter tariff og lokale avtaler.
Dersom du er under høgare utdanning innan relevant fagområde får du høgare løn. Du må dokumentere utdanning og kor langt du er kome i utdanninga.
Viss du har spørsmål kan du ta kontakt med leiarar i dei ulike einingane.
Kontaktinformasjon
Ann Charlotte Jansson, Assisterande einingsleiar Bu- og miljøtenesta, 97723146Annette Hovden, Einingsleiar Heimetenesta, 45 47 84 72
Heidi Munch Starheim, einingsleiar Hogatunet bu- og behandlingssenter, 48045210
Grete Aud Totland, einingsleiar Interkommunale helsetenester, 95819005
Linda Gotteberg, einingsleiar helse, 41694203
Arbeidsstad
6770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Stad kommuneReferansenr.: 5082622175
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453595934
- Sist endret