Fast stillling
Voss herad Skulestad skule
- Frist 17.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Fagarbeidar og/eller assistent
To faste 100 % stillingar i skule og SFO – oppstart etter avtale
Stillingane følgjer skuleåret. Det inneber arbeid i 100 % stilling med lønsreduksjon til 89 % etter SFS 2201 pkt. 3.5.
Om arbeidsstaden
Skulestad skule er ein barneskule om lag 4 km nord for Voss sentrum, med om lag 160 elevar og 35 tilsette. Skulen ligg tett på naturen med gode høve for aktivitet og uteskule.
Me arbeider systematisk med å utvikle eit trygt og inkluderande læringsmiljø som fremjar fagleg og sosial utvikling for alle elevar.
Skulen har ei eiga ASK-avdeling for elevar med behov for særskild tilrettelegging, og har gode resultat i dette arbeidet.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg.
- Søkjarar med anna relevant utdanning eller dokumentert realkompetanse og erfaring vil òg bli vurderte.
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt.
- Har gode norskkunskapar, både munnleg og skriftleg
Det er ynskjeleg at du
- har erfaring frå arbeid med barn og unga
- har erfaring frå skule og/eller SFO
- Tek ansvar og arbeider strukturert
- Kan handtere ein aktiv og variert arbeidskvardag
- Er ein tydeleg og trygg vaksen
- Byggjer gode relasjonar og ser den enkelte elev
- Har gode samarbeidsevner og trivst med teamarbeid
- Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp elevar i undervisning, aktivitet og leik
- Arbeide med faglege og sosiale mål for enkeltelevar eller mindre grupper
- Bidra til eit trygt og godt skulemiljø i undervisningstid og friminutt
- Samarbeide med pedagogisk personale om planlagde undervisningsopplegg
- Hjelpe til med daglege gjeremål, støtte, motivere og rettleie elevar
- Vere ein omsorgsfull og tydeleg rollemodell
Me tilbyr
- Eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Løn etter kommunalt avtaleverk
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Godkjent politiattest må leggjast fram før tiltreding.
Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald og oppmodar kvalifiserte søkjarar med ulik bakgrunn, erfaring og livssituasjon til å søkje.
Etter søknadsfristen vert det sett opp offentleg søkjarliste i tråd med Offentleglova § 25. Søkjarar vert varsla dersom ynskje om unntak frå offentleggjering ikkje vert teke til følgje.
Vitnemål og attestar skal lastast opp i søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453595828
- Sist endret


