Helsefagarbeidar 65% natt
Alver kommune
- Frist 16.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ei nattugle som trivst best når resten av Knarvik søv?
Om stillinga
Me søkjer ein engasjert og fagleg interessert helsefagarbeidar til ei 65 % stilling som våken nattevakt i Kvassnesvegen bufellesskap, sentralt i Knarvik. I denne stillinga jobbar du 3. kvar helg, med vakter på 9,5 timar. Turnusen er organisert med 3-4 netter på og deretter 7 netter fri, noko som gjev god balanse mellom arbeid og fritid. Du jobbar ikkje åleine, då det alltid er to tilsette på natt.
Stillinga er ledig frå 1. april 2026.
Om oss:
Kvassnesveien bufellesskap har 9 leilegheiter og fellesareal med stove og kjøkken, og er heimen til 9 personar med utviklingshemming. Bufellesskapet har heildøgnsbemanning med totalt ca. 23 årsverk.
Arbeidsoppgåver
- Gjennomføre brannrunde og andre tryggleiks- og tilsynsrundar gjennom natta
- Følgje opp varslings- og alarmsystem som t.d. epilepsialarm
- Legemiddelhandtering
- Registrere observasjonar knytt til helsetilstand, søvnmønster eller endringar som dagvakt bør følgje opp
- Kap.9 dokumentasjon
- Bidra til ro, stabilitet og gode kvelds- og morgonrutinar for bebuarane
- Miljøarbeid
Kompetanse
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Praktisk erfaring med målretta miljøarbeid
- Gode digitale ferdigheiter og kjennskap til digitale dokumentasjonsverktøy
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
- Kjennskap med arbeid med kap.9
Det er eit føremon med kjennskap til epilepsi
Kven er du?
- Du er trygg i deg sjølv og handterer situasjonar med ro, oversikt og tydelegheit
- Du tek kloke og fagleg gode avgjerder når uventa situasjonar oppstår
- Du kan jobbe sjølvstendig gjennom natta, men samarbeider godt når det trengst
- Du møter bebuarane med ro, respekt og varme, og skaper tryggleikgjennom natta
- Du kan reflektera etisk og fagleg, og dokumenterer tydeleg det som skjer gjennom nattevakta
- Du er fleksibel og løysingsorientert, og ser moglegheiter der andre ser utfordringar.
- Du har gode kommunikasjonsevner, særleg i rapportering og overlevering til dagvakt.
- Du er tolmodig, engasjert og positiv, med ekte engasjement for brukargruppa.
Vi søkjer etter deg som er tolmodig og engasjert, motiverande og positiv. Du er initiativrik og har engasjement for brukargruppa. Du har gode samarbeidsevner, men kan og arbeide sjølvstendig.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Årsturnus med moghegheit for innspel på arbeidstid
- Gratis parkering
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
Om Habiliteringstenesta
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/
utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter,
og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg. Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
FerdigheterAI-generert
- Arbeid etter helse - og omsorgstjenesteloven
- Digitale ferdigheter
- Kontrollere brannsikkerheten i bygninger
- Observere helsetjenestebrukere
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.Inn under habiliteringstenestene finn ein også støttekontaktteneste og koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Kvassnesveien 14, 5914 Isdalstø
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453591800
- Sist endret
