Lærer
Framnes Kristne Vidaregåande Skule
- Frist 9.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Lærarstillingar ved Framnes KVGS i Norheimsund
For skuleåret 2026/27 søker vi etter lærarar i midlertidig stilling, med moglegheit for fast stilling. Vi ser spesielt etter lærarar som kan undervise i norsk på alle trinn, og som samtidig har undervisningskompetanse i andre fag. Andre aktuelle fag kan vere engelsk, tysk, spansk, psykologi, samfunnskunnskap, historie, religion og etikk. Søkarar som ønskjer deltidsstilling kan også søke.
Til stillinga ser vi etter deg som har relevant høgare utdanning, har gode samarbeidsevner, er utviklingsorientert og opptatt av elevane si læring og er glad i ungdommar. Som lærar på Framnes KVGS tar du del i det sosialpedagogiske arbeidet ved skulen, mellom anna i form av tilsynsvakter. Du må vere lojal mot skulen sitt verdigrunnlag, og kunne arbeide i samsvar med dette.
Vi kan tilby:
· Løn etter KS-regulativ.
· Ein fantastisk elevflokk som trivst svært godt på både skulen og internatet.
· Eit godt og mangfaldig arbeidsmiljø, som ser med forventning fram til å samarbeide med nye kollegaer.
Har du spørsmål om stillinga:
Ring inspektør Sverre Lindøy (tlf. 996 42 442) eller send e-post til sverre.lindoy@framnes.vgs.no
Søknadsfrist mandag 9.mars.
Søknad sendast til same e-postadresse som over.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Framnes KVGS er ein kristen internatskule, eigd av Indremisjonsforbundet (IMF) og Indremisjonssamskipnaden (IMS). Skulen ligg idyllisk plassert på ei halvøy i Hardangerfjorden, vel tre kilometer frå Norheimsund sentrum. Skulen har om lag 280 elevar, fordelt på studiespesialiserande og idrettsfag. Dei fleste elevane bur på internatet, men nokre bur heime.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Vikøyvegen 280, 5600 Norheimsund
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap, Ideelle organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Allmennlærer/kontaktlærer, Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
framnes kvgs, lærar, undervisning, norsk, engelsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453587648
- Sist endret
