Kokk
Herøy kommune, Seksjon kjøkken
- Frist 23.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for nye utfordringar innan kokkebransjen i ein jobb som gir meining?
Pleie og omsorgsavdelinga har ledig stilling som kokk med fagbrev ved seksjon kjøkken, frå 15.04.2026. Arbeidstid vert turnus på dagtid med arbeid på 2 av seks helger, som er utarbeidd i ein årsturnus.
I mars 2025 opna vi for drift innan storhushaldning i nye topp moderne frittståande lokalar, ved Herøy omsorgssenter. Vi tilbyr kjøkkentenester til heile kommunen, og er drifta etter kok - server prinsippet. Vi samarbeider med Svingen, som er eit lågterskel tilbod, som også inneber kafédrift.
Vi ønskjer å tilsette ein dyktig kokk som er glad i å lage mat, er engasjert og motivert til å gje alle mottakarar god matomsorg i Herøy kommune. Om du vil vere med i eit godt arbeidsmiljø der vi legg vekt på å utvikle framtidas kjøkkentenester, så er du rett person for oss.
Arbeidsoppgåver
- Produsere mat til helseinstitusjonane , cafe og heimebuande, samt catering
- Reinhald og orden
- Digital registrering av oppgåver/ tenester
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som institusjonskokk/ ernæringskokk
- Erfaring frå kommunale kjøkkentenester vil vere ein fordel
- Vidareutdanning innan ernæring kan vere ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Kan bruke IKT som arbeidsverktøy
- Førarkort kl B
Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.
Personlege eigenskapar
- Matinteressert, kreativ og har evne til å engasjere og motivere
- Pådrivar for å utvikle fagleg gode tenester
- Strukturert, sjølvstendig og evner å prioritere arbeidsoppgåver
- Løysingsfokusert og fleksibel
- Samarbeidar godt med kollegaer, og bidrar til å yte gode tenester i kommunen
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande tariffavtale
- Ei utfordrande og sjølvstendig stilling i eit godt arbeidsmiljø, der du får medverke i utviklinga av framtida sine kjøkkentenester
- IA-bedrift
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Lisbeth Skinnes, Seksjonsleiar kjøkken, +47 99095253Arbeidsstad
Sjukeheimsvegen 5A6092 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5087689443
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453459370
- Sist endret
