Avdelingsleiar
Vestland fylkeskommune
- Frist 19.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Avdelingsleiar
Ynskjer du å jobbe på ein skule med lange tradisjonar, der det er eit godt fagleg miljø og stortsamfunnsengasjement hos både hos elevar og tilsette?
Da kan Bergen katedralskole vere staden for deg!
Bergen katedralskole vart grunnlagd i 1153 og er med det ein av dei eldste skulane i landet. Skulen har omlag 1300 elevar fordelt på tre stader i Bergen sentrum og tilbyr følgjande:
- Studiespesialiserande utdanningsprogram med programfag knytt til realfag og språk, samfunnsfagog økonomi
- IBDP - International Baccalaureate Diploma Programmme
- Innføringstilbod for minoritetspråklege elevar og eigen klasse for minoritetspråklege på Vg1
- Kyrre - eit tilbod for elevar med behov for særskild tilrettelegging
- Vaksenopplæring innanfor studiespesialisering
Er du ein Avdelingsleiar med hjarte for at kvar enkelt kan få vere den dei er, ha eit godt skulemiljø, og utvikle seg som menneske både fagleg og sosialt? Er du glad i å arbeide systematisk med IKT som arbeidsverktøy? Då har vi ein ledig stilling til deg
Til arbeidsoppgåvene ligger
- Personalansvar
- Økonomiansvar
- Fagansvar
- Oppfølgjing av elevar på eit trinn
- Bidrag til pedagogisk utvikling av skulen
- Ulike administrative oppgåver
Kvalifikasjonar
Du har relevant høgare utdanning og erfaring frå undervisning.
Du er kunnskapsorientert og har erfaring frå pedagogisk utviklingsarbeid
Du liker administrative oppgåver og å leie gjennom andre
Du har gode IKT kunnskapar og er trygg i ein digital kvardag
Du kan leggje frem ein gyldig politiattest
Vi søkjer deg som
- er engasjert og trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap og har evne til å inspirere og motivere tilsette og elevar
- er strukturert og resultatorientert, har god pedagogisk forståing og tek initiativ til pedagogisk utvikling og nytenking og evnar å ta eigne avgjersler
- samarbeidar og kommuniserar godt og bidreg til å skape gode relasjonar
- er glad i å arbeide systematisk med IKT som arbeidsverktøy
Hos oss får du:
- Eit godt og inspirerande arbeidsmiljø med engasjerte elevar og tilsette
- Løn og lønsutvikling i tråd med lønspolitikken til Vestland fylkeskommune
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
FerdigheterAI-generert
- Digitale ferdigheter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5017 Bergen
- Bransje: Barn, skole og undervisning, Forskning, utdanning og vitenskap
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Inspektør, Undervisning og pedagogikk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Avdelingsleder, Videregående skole, administrasjon og ledelse
Annonseinformasjon
- FINN-kode 453428190
- Sist endret




