
Automatikar
Nortura SA
- Frist 1.4.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du ein som likar å jobbe med teknologi?
Hjå Nortura i Sogndal treng vi ein automatikar som vil vere med og sikre god drift i ei moderne matbedrift. Her får du bruke faget ditt på ein solid og trygg arbeidsplass, med teknologi som utviklar seg.
Vi produserer mat som betyr mykje for folk, og vi gjer det med moderne utstyr, automatiserte løysingar og kjende merkevarer som Gilde og Prior.
Arbeidsoppgåve
Du blir del av eit tverrfagleg team med automatikarar og mekanikarar. Arbeidet er variert, teknisk interessant og viktig for drifta:
- Feilsøking og reparasjon av produksjons- og prosessanlegg
- Førebyggjande og korrektivt vedlikehald
- Arbeid med PLS, elektro, automasjon og mekanisk arbeid
- Bidra i forbetringsarbeid og tekniske prosjekt
- Delta i teknisk vaktordning og periodisk 2skift
Målet er enkelt: Stabil og trygg drift kvar dag.
Kven passar dette for?
Vi ser etter deg som har lyst på ein trygg jobb med gode kollegaer og høve til å utvikle deg innan faget.
Vi trur du:
- Har fagbrev som automatikar (eller relevant teknisk fagbrev som f.eks elektriker)
- Likar systematisk arbeid og gode, praktiske løysingar
- Jobbar godt både åleine og saman med andre
- Snakkar og skriv norsk og har litt engelsk språkkunnskap.
Erfaring frå næringsmiddelindustrien er kjekt, men ikkje noko krav.
Kvifor Nortura?
Hjå oss får du ein arbeidskvardag prega av ordna forhold, moderne utstyr og ei bedrift som satsar på folk og fag.
Vi tilbyr:
- Robotiserte og moderne produksjonslinjer
- Stødig og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Moglegheit for vidare kompetanse innan PLS, automasjon og teknikarutdanning
- Løpande investeringar i utstyr og forbetringar
- Ei rolle som bidreg direkte til trygg norsk matproduksjon
Goder og ordningar
- Konkurransedyktig løn og tillegg for skift/vakt
- Svært gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kantine og ansattbutikk med varer frå Gilde og Prior
- Treningstilskot / treningsavtale
- Bedriftshelseteneste og godt HMSfokus
FerdigheterAI-generert
- Automasjon
- Automatisering
- Elektro (AMO)
- Forebyggende vedlikehold
- Korrigerende vedlikehold
- Mekaniske oppgaver
- PLC - systemer
- Reparasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Nortura er en av Norges største matprodusenter, og Gilde og Prior er to av våre mest kjente merkevarer. Vi er bondens selskap; et samvirke eid av om lag 15.500 norske bønder over hele landet. I Nortura bruker vi hele dyret og skaper verdier for folk, samfunnet og naturen selv. Nortura omsetter årlig for om lag 30 milliarder kroner og vi er ca. 4 500 ansatte i konsernet.
Nortura Sogndal produserer spekemat.
- Sektor: Samvirke
- Sted: Granden 8, 6856 Sogndal
- Bransje: Industri og produksjon, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Elektriker, Produksjonsteknikk/Prosessteknikk, Teknisk personell
Nøkkelord
Automatiker, teknisk, elektriker, teknologi, PLS
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452978699
- Sist endret


