Fysioterapeut, vikariat
Muritunet As Avd Moa
- Frist 8.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Vi har ledig vikariat som fysioterapeut ved Muritunet avdeling Moa, med oppstart snarast og varigheit til 31.10.2026.
Hva vi ser etter
Kvalifikasjonar
-
Offentleg godkjent fysioterapeut
-
Du må vere open for ein nevroplastisk forståingsmodell
-
Det er ønskjeleg med vidareutdanning innan kognitiv terapi og/eller motiverande intervju
-
Det er ønskjeleg med erfaring frå fagfeltet og tverrfagleg teamarbeid
Personlege eigenskapar
Vi vektlegg:
-
godt humør og positivitet
-
fleksibilitet
-
evne til samarbeid og teamarbeid
-
at du trivst i eit hektisk og engasjert miljø
-
at du ønskjer å bidra i teamet både fagleg og i fellesoppgåver
Du bør vere løysingsorientert, særleg knytt til konseptutvikling.
Arbeidsoppgaver
Klinisk arbeid og individuell oppfølging
-
Gjennomføre kliniske undersøkingar og funksjonskartlegging
-
Utarbeide og tilpasse individuelle og gruppebaserte treningsprogram
-
Gje individuell oppfølging med vekt på aktiv tilnærming og meistring, og bidra med tryggleik og riktig tilrettelegging
-
Gje smerteedukasjon og støtte pasientar i forståing og meistring
-
Gjere klinisk kartlegging av tilsette med høgt sjukefråvær eller redusert arbeidsevne knytt til tilbodet Ekspertbistand
-
Ta i bruk samtaleterapi som arbeidsreiskap
Undervisning, rettleiing og aktivitet
-
Halde pasientundervisning innan relevante tema
-
Leie og tilretteleggje eit breitt spekter av gruppeaktivitetar
Tverrfagleg samarbeid
-
Delta aktivt i tverrfaglege drøftingar og samarbeide tett med andre faggrupper for å sikre heilskapleg rehabilitering
-
Samarbeide med eksterne aktørar som arbeidsgjevar, NAV og fastlege ved behov
Dokumentasjon
- Sikre forsvarleg og strukturert dokumentasjon i tråd med gjeldande krav
Vi tilbyr
- Sterkt engasjerte kollegaer
-
Fagleg utvikling
-
Gode velferdsordningar
-
Godt psykososialt arbeidsmiljø
-
Høg grad av autonomi i arbeidskvardagen
-
Løn etter gjeldande overeinskomst
Du blir ein del av eit spesialisert, tverrfagleg team med høg kompetanse. Vi tek godt vare på pasientane -- og kvarandre. Du er hjarteleg velkomen til å søkje; vi ser fram til å få deg med på laget.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452950470
- Sist endret
