Tannlege
Odontia Tannlegekontoret Volda
- Frist 22.03.2026
- Ansettelsesform Selvstendig næringsdrivende
Bli en del av vårt sterke fagmiljø i Volda
Ein av våre dyktige tannlegar skal vidare på spesialisering, og vi søkjer no ein ny kollega til klinikken vår i Volda. Klinikken er ein veletablert og moderne tannlegepraksis med lang fartstid. Som ein del av Odontia får du vere ein del av eit større fagleg fellesskap i ein solid og anerkjend tannhelsekjede. Vi er opptekne av at behandlinga vert utført på ein trygg og god måte, med kvalitet og omsorg i alle ledd.
Stillinga har eit omfang på 3–5 dagar i veka, avhengig av kandidat. Oppstart i august er ønskjeleg, men tidspunkt kan tilpassast etter avtale.
Kvifor skal du velje oss?
- Eit sterkt fagmiljø med fast spesialist i kirurgi – gode moglegheiter for fagleg dialog i eit miljø prega av samarbeid, tryggleik og trivsel
- Toppmoderne utstyr som CBCT, CAD/CAM og Fotona Laser – gode rammer for kvalitet i behandlingane
- Hyggeleg felles lunsj med gode kollegaer
- Deltaking på Odontia Symposiet – eit fagleg og sosialt arrangement der fleire hundre tilsette møtest for å dele kunnskap og feire kvarandre
- Konkurransedyktige vilkår
Vi ønskjer oss gjerne ein tannlege som..
- Har norsk autorisasjon som tannlege
- Snakkar og skriv flytande norsk eller anna skandinavisk språk
- Har erfaring som tannlege er ønskjeleg, men nyutdanna med lokal tilknyting til regionen vert og oppmoda til å søkje
- Har eit ønskje om å skape stabilitet og langsiktigheit for pasientane
Vi veit at ingen kandidatar kryssar av på alle punkt – det viktigaste for oss er at du har fagleg engasjement, omtanke for pasientane og eit ønske om å bidra til eit sterkt og varig fagleg fellesskap.
Høyrest dette ut som noko for deg?
Då ønskjer vi at du sender CV og ein kort søknadstekst via søknadsportalen. Ønskjer du meir informasjon om stillinga, kan du gjerne ta kontakt med oppførte kontaktpersonar i annonsen.
Søknadsfristen er 22. mars, men søk gjerne før, då vi behandlar søknader fortløpande.
Vi ser fram til å lese søknaden din!
FerdigheterAI-generert
- Odontologi
- Tannhelse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
- Sektor: Privat
- Sted: Hamnegata 5, 6100 Volda
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Tannhelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Tannlege, Volda, Pasienter, Tannhelse, Ørsta
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452949995
- Sist endret