Maskinsjef i sambandet Halsa-Kanestraum, p.t. MF Korsfjord
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 16.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Bli med på verdas største grøne revolusjon innan ferjenæringa!
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som maskinsjef i sambandet Halsa-Kanestraum, p.t. MF Korsfjord.
Kvifor bør du søke?
- Du blir ein del av eit team med dyktige og engasjerte kollegaer.
- Fleksibel skiftordning: Døgngvakt-12/9 rotasjon, ein flott jobb å kombinere med familieliv og fritid!
- Ein jobb der du får tenke løsningsorientert og operativt
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi!
Korsfjord har kostordning og får mat levert om bord. Søker bør bu lokalt.
Arbeidsoppgåver
- Teknisk leiar med ansvar for skipet sitt tekniske utstyr og at det oppfyller krav frå klasse og styresmakter
- Vedlikehald av maskineri og komponentar i samsvar med AMOS vedlikehaldssystem
- Sikre at tryggleiksstyringssystemet vert følgd, i samarbeid med skipsførar
- Opplæring av personell under si leiing
- Oppdatering av jobbeskrivelsar i vedlikehaldssystemet og reservedelsoversikt
- Arkivering og vedlikehald av fartøyet sine teikningar og tekniske manualar
- Overvaking av forbruk og behaldning av brennolje, smøreolje og ferskvatn
- Føring av maskindagbok, oljedagbok og andre nødvendige dokument
- Budsjettering, oppfølging og bestilling av reservedelar og utstyr
- Sørgje for oppdatert stoffkartotek
- Ansvar for reinhald og brannførebygging innan maskinområdet
Kvalifikasjonar
- Minimum M3-sertifikat
- Sikkerheitskurs i samsvar med kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- MES-opplæring
- Gyldig helseerklæring
- FSE-Kurs
- Skandinaviske språkkunskapar - skriftleg og muntleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein sjølvstendig, og løsningsorientert maskinsjef med teknisk innsikt, og gode leiareigenskapar. Du må vere ansvarsbevisst, nøyaktig, samt evne å jobbe under press. Gode samarbeidsevner, og vektlegging på eit sikkert arbeidsmiljø er avgjørande. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.Vi tilbyr
- Konkurransedyktig lønn etter avtale med NHO Sjøfart og Maskinistforbundet.
- Attraktive velferdsordningar inkludert tilgang til hytter og leilegheiter for ferie og fritid.
- Ein arbeidsplass med fokus på trivsel – god mat, reinhald utført av eksternt firma og ein sosial arbeidskvardag.
- Utviklingsmoglegheiter – arbeid i eit av landets leiande fergeselskap med moglegheit for vidare karriereutvikling.
- Fleksibilitet – god balanse mellom arbeid og fritid med ei skiftordning som gjer det lett å planleggje livet utanfor jobb.
- Moderne arbeidsverktøy og teknologi – du jobbar på ein av Noregs mest avanserte el-hybridferjer.
- Stabilitet og tryggleik – bli del av ein solid arbeidsplass med trygge rammer og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Er du klar for nye utfordringar på ein av Noregs mest moderne ferjer?
Send inn søknaden din i dag! Vi gler oss til å få deg med på teamet!
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518Arbeidsstad
E39 4206680 Halsa
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 ASReferansenr.: 5088212549
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452937497
- Sist endret