Kommunikasjonsrådgivar sårbar natur og villrein
Statsforvaltaren i Rogaland
- Frist 15.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du bruke kommunikasjonskompetansen din til å ta vare på villrein og sårbar natur?
Om avdelinga og fagområdet
Miljøvernavdelinga har ledig ei ny fast stilling som kommunikasjonsrådgivar.
Vi er på jakt etter deg som er interessert i natur og forstår korleis kommunikasjon kan bidra til å ta vare på villreinen og naturen vår.
Du har erfaring frå praktisk kommunikasjonsarbeid og er oppteken av å samordne bodskap og innhald på tvers av kanalar. Du likar å jobbe med folk og i nettverk med mange aktørar.
Stillinga er knytt til Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR), Lysefjorden og Jærstrendene. Du vil få ansvar for å bidra til utviklinga av ein felles nasjonal kommunikasjonsstrategi for villrein og verneområde.
I stillinga blir du ein del av eit større fagmiljø med dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Du vil jobbe med fagfolk innan naturforvalting og kommunikasjon i embetet vårt, og på tvers av geografi og forvaltningsnivå.
Arbeidsstaden er Statens Hus i Stavanger. Stillinga høyrer til fagområde natur ved miljøvernavdelinga.
Arbeidsoppgåver
Du vil mellom anna:
- Bidra til å styrke formidlinga av kunnskap om villrein, verneområde og natur med mykje ferdsel på nettstader, i media, sosiale medium og andre relevante kanalar
- Sørgje for at besøkande får god og treffsikker informasjon før og under besøket gjennom digitale kommunikasjonskanalar
- Bidra til utvikling og gjennomføring av ein felles nasjonal kommunikasjonsstrategi
- Ha dialog og samarbeid med reiseliv, friluftsorganisasjonar og andre viktige aktørar
- Sikre ein heilskapleg og samordna kommunikasjon om villrein og verneområde
- Utvikle og leggje til rette informasjon for verneområdestyre og autoriserte besøkssenter
- Delta i arbeid som krev noko reising og uteaktivitet
Kvalifikasjonskrav
Krav:
- Kommunikasjonsfagleg utdanning på minimum bachelornivå
(relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet) - Gode ferdigheiter i skriftleg og munnleg formidling, både på norsk og engelsk
- Erfaring med mediearbeid, nettarbeid og sosiale medium
Det er ein fordel om du også har:
- Ferdigheiter innan foto- og filmproduksjon
- Interesse for natur og friluftsliv
- Erfaring frå offentleg forvaltning
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som:
- Jobbar sjølvstendig og tek initiativ
- Har gode samarbeidsevner og trivst i nettverk med mange aktørar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Er strukturert og har god gjennomføringsevne
- Kan gjere komplekse tema forståelege for ulike målgrupper
- Har god rolleforståing og evne til å navigere i eit komplekst aktørlandskap
Vi legg vekt på at du er personleg eigna for stillinga.
Førarkort klasse B er ein fordel.
Vi tilbyr
- Lønn som rådgivar kr 620 000 - kr 750 000 pr år, avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg godt kvalifiserte kan høgare lønn vurderast
- Fleksibel arbeidstid og gode arbeidsvilkår i staten
- God pensjonsordning (det blir trekt 2% pensjonsinnskot frå lønna) gruppelivsforsikring og moglegheit for bustadlån gjennom Statens pensjonskasse. Les meir om ansatt godane på spk.no/medlemskap-i-spk
- Moglegheit for fagleg utvikling og kompetansebygging
- Varierte, interessante og samfunnsnyttige arbeidsoppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø i Statens Hus sentralt i Stavanger
- HjemJobbHjem-ordning
- 6 månaders prøvetid i stillinga.
Mangfold og inkludering
Vi ønskjer eit mangfaldig arbeidsmiljø og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av bakgrunn. Vi legg til rette ved behov.
Slik søkjer du
Alle som søkjer stillinga, må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attester. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå vitnemålsportalen i Jobbnorge. Har du utdanning frå utlandet legg du ved godkjenning frå NOKUT.
Offentleg søkjerliste blir utarbeidd etter søknadsfristen. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkjerliste må dette grunngjevast. Du vil få varsel dersom reservasjonen ikkje blir tatt til følgje.
FerdigheterAI-generert
- Norsk
- Social Media
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Statsforvaltaren er Kongen og regjeringa sin representant i fylket og skal arbeide for at Stortinget og regjeringa sine vedtak, mål og retningslinjer blir følgde opp i Rogaland. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling, som er retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Statsforvaltaren skal medverke til å samordne, forenkle og effektivisere statlege verksemder i fylket.
Statsforvaltaren har eit særleg ansvar for å følgje opp berekraftmåla på fagområda våre, og skal som ein del av arbeidet vårt formidle relevant kunnskap til andre aktørar i regionen.
Statsforvaltaren har oppgåver innan fagområda miljøvern, landbruk, utdanning, helse, beredskap, sosial- og familierett, verjemål, kommuneøkonomi og planlegging. Embetet har ca. 200 tilsette.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Lagårdsveien 44, 4001 Stavanger
- Bransje: Annet, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Markedsfører, PR og informasjon
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452934389
- Sist endret
