Vil du bli vår nye overstyrmann?
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
- Frist 20.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du ha ein jobb som gir deg rom for både arbeid og fritid? Vi ser etter ny dekkssjef (overstyrmann) til vår elektriske ferge Norangsfjord, på sambandet Aukra-Hollingsholmen.
Det betyr lange friperiodar til familie, fritid og det som betyr mest for deg. I arbeidsperioden jobbar du ei veke dag, ei veke natt, og det er ein fordel om du bur innan rimeleg reiseavstand. Hos oss i Fjord1 får du ein spennande arbeidskvardag i eit framtidsretta selskap med moderne fartøy, fokus på miljø og teknologi, konkurransedyktige vilkår og gode pensjonsordningar.
Kvifor bør du søkje?
- Du vert ein nøkkelperson i ein krevjande men viktig jobb, der du arbeider operativt og løsningsorientert
- Du vil du ha ein sentral leiarrolle i eit engasjert team
- Fleksibel arbeidstidsordning: 2 veker på 2 veker av
- Karrieremoglegheiter: Vi tilbyr arbeidserfaring i Norges leiande ferjerederi
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Oppgåver iht alarminstruks
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført effektivt og forsvarleg
Kvalifikasjonar
- Minimum D3-sertifikat
- GMDSS/ROC-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise- og passasjerhandtering
- Gyldig helseerklæring
Personlege eigenskapar
Vi leitar etter en erfaren og dyktig overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne handtere krevande situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Eit godt arbeidsmiljø med støttande kollegaer.
- Attrakive velferdsordningar.
- Skiftordning: 2 veker på, 2 veker av
Kontaktinformasjon
Jill Mari Juberg, Rekrutteringsmedarbeider, +47 +4794082518Arbeidssted
6409 Aukra
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Fjord1 ASReferansenr.: 5088168621
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 20.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452928701
- Sist endret
