IT-Konsulent
Tussa IKT
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du vår nye IT-konsulent?
IT-konsulent
Vi utvidar konsulentmiljøet vårt, og ser etter deg som er løysingsorientert, utadvendt og kundeorientert. Du må vere opptatt av å yte god kundeservice, jobbe strukturert og systematisk, og beherske norsk og engelsk skriftleg og munnleg. Du må rekne med å måtte reise ut til kundar.
Arbeidsoppgåver:
Løysingsdesign til nye og eksisterande kundar
Planleggje, konfigurere og implementere serverar og nettverksløysningar
Administrere, feilsøkje og rette feil på serverar og nettverk
Utfordrande og varierte oppgåver hos og for kundane våre
Kvalifikasjonar:
Relevant utdanning og god teknisk forståing
Erfaring med oppsett og konfigurasjon av brannmur og nettverksløysingar
Ønskjeleg med erfaring innan serverløysningar som til dømes vmware, HyperV, Veeam og Windows-server
Ønskjeleg med erfaring frå prosjektarbeid
Personlige eigenskapar vil bli vektlagt
Du må ha førarkort klasse B og disponere eigen bil.
Oppmøtestad er fortrinnsvis ved hovudkontoret vårt i Ørsta, men andre Tussakontor kan vere aktuelt.
Vi kan tilby:
Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit selskap med høg aktivitet
Eit uformelt arbeidsmiljø som legg vekt på personleg utvikling, sjølvstende og trivsel
Kompetanseutvikling og sertifiseringar
Konkurransedyktig løn etter avtale
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Ferdigheter
- Database design and implementation
- Implementere en brannmur
- Løsningsarkitektur
- Serveradministrasjon
- Systemkonfigurasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Tussa er eit leiande energi - og teknologikonsern på Nord-Vestlandet med over 300 medarbeidarar. Vi produserer fornybar energi, byggjer og driftar digital infrastruktur, leverer internett og digital-TV, tilbyr IT-tenester og er ein stor elektroentreprenør.
Tussa har hovudkontor i Ørsta, i hjartet av Sunnmørsalpane med fantastiske høve for friluftsaktivitetar.
Tussa IKT AS er eit dotterselskap i Tussakonsernet, har 116 medarbeidarar og er eit av dei største IKT-miljøa på Nord-Vestlandet. Tussa IKT har arbeid med datasenterteknologi i mange år og er ISO 27001-sertifisert
Selskapet er lokalisert i Ørsta, Ålesund, Åndalsnes, Sykkylven og Stryn.
- Sektor: Privat
- Sted: 6160 Hovdebygda
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: IT, Kraft og energi
- Stillingsfunksjon: IT-sikkerhet, IT-support, Systemarkitekt
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
it konsulent, kundeorientert, kundeservice, administrere
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452836018
- Sist endret



