Sommarjobb – vil du vere kyrkjetenar hos oss i sommar?
Nord-fron Kirkelige Fellesråd Religiøs Virksomhet
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb – vil du vere kyrkjetenar hos oss i sommar?
Vi søkjer tre entusiastiske og engasjerte medarbeidarar til sommarjobb som kyrkjetenarar i Nord-Fron.
Lurer du på kva og kven som arbeider i Den norske kyrkja? Dette er ei unik moglegheit til å få innblikk i nettopp det!
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som er lærevillig, pliktoppfyllande og har gode samarbeidsevner. Du må vere praktisk anlagt og kunne arbeide sjølvstendig. I tillegg må du vere imøtekomande og serviceinnstilt, med evne til å kommunisere godt med menneske.
Søkjarar må ha fylt 16 år. Av omsyn til tryggleik ønskjer vi fortrinnsvis personar over 18 år. Det er ønskjeleg med førarkort klasse B.
Dei som får tilbud om sommarjobb må påregne å arbeide i heile kommunen.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåvene er primært knytte til vedlikehald av kyrkjene og kyrkjegardane våre i heile kommunen. Som sommarvikar har du ansvar for at kyrkjene og kyrkjegardane framstår ryddige og velstelte. Arbeidsoppgåvene omfattar mellom anna plenklipping, ryddearbeid, vedlikehald, handtering av avfall, ta imot besøkande i kyrkja og bistå ved ulike behov og spørsmål.
Arbeidet inneber fysisk krevjande utearbeid i all slags vêr, så du må trivast med praktisk arbeid utandørs.
Du vil få god opplæring og innføring i arbeidsoppgåvene. Det vil alltid vere ein fast tilsett som følgjer deg opp. Vi tilbyr eit trygt og godt arbeidsmiljø, med ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Vi tilbyr
Arbeidstida er fem dagar i veka. Du må kunne arbeide fem veker samanhengande.
Aktuell periode er frå slutten av juni til midten av august.
Løn etter tariff.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452825567
- Sist endret


