60% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar
f. t. ved Stasjonen barnehage, Hauge oppvekst, Bremanger kommune
- Frist 22.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Frå 01.08.2026 har vi ledig ei 60% fast stilling som barne- og ungdomsarbeidar ved Stasjonen barnehage.
Hauge oppvekst er eit oppvekstsenter med ein barnehage og ein barne- og ungdomsskule. Stasjonen barnehage har 3 avdelingar med barn i alderen 1 – 6 år. Barnehagen er ikkje samlokalisert med Hauge skule.
Både barnehagen og skulen er i stadig utvikling medan vi held på den stødige og gode plattforma vi har bygd opp gjennom mange år. Barnehagen arbeider tett saman og har felles pedagogisk plattform. Vi har tilpassa og utvikla vår eigen metodikk i høve til PALS, og vi arbeider målretta i høve til språk og beste praksis. Bremanger kommune arbeider og med satsinga ; «Trygt og godt barnehagemiljø». Psykisk helse, mangfald og samarbeid med heimen er hovudtema i satsinga.
Arbeidsoppgåver
- Bidra til eit trygt og godt leike,- lærings- og arbeidsmiljø for barn og tilsette
- Bidra til eit godt samarbeid på oppvekstsenteret, og på tvers av andre tenester
- Bidra til kompetanseheving og nytenking
Kvalifikasjonar
- Godkjent fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Erfaring og kompetanse innan arbeid med barn som har spesielle behov
- Gode skriftlege og munnlege framstillingsevner
- Gode norsk-kunnskaper
Andre med relevant erfaring kan også søkje.
Personlege eigenskapar
- Du er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen, med god relasjonskompetanse
- Du har eit genuint ønskje om å jobbe med barn, og har kunnskap om barn si utvikling
- Du er raus og anerkjennande ovanfor barn og vaksne, og har gode samarbeids- og kommunikasjonsferdigheiter
- Du er sjølvstendig, har evne til å ta ansvar, leie og motivere medarbeidarane dine
- Du er fleksibel og løysingsorientert og trivast i ein aktiv kvardag
Vi tilbyr
- Vi tilbyr ei rekke gode ordningar, som startpakke for nytilsette, bustadtilskot, med meir. Alle ordningane finn du her.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar, vernepleiarar, barnehagelærarar og fagarbeidarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i pensjonsordning. SPK.no- Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no-Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet.
- Gode personforsikringar i arbeid og fritid
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgjevar
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf. lokal avtale
- Senioravtale for tilsette over 62 år
Kontaktinformasjon
Nina Klara Grotle, Fagleiar, +47 474 85 785Arbeidsstad
Stasjonsvegen 106727 Bremanger
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 5086347850
Stillingsprosent: 60%
Fast
Søknadsfrist: 22.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452820644
- Sist endret


