Overingeniør / Senioringeniør ved IT-avdelinga
Universitetet i Bergen
- Frist 19.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vitskapelege Berekningar – overingeniør / senioringeniør ved IT-avdelinga
Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Om stillinga:
Vær med å forme framtidas IT-teneste for forskinga ved UiB!
Ved IT-avdelinga, produktlinje vitskapelege berekningar, er det ledig ei fast stilling som overingeniør eller senioringeniør. Stillinga er knytt til utvikling og drift av vitskapleg infrastruktur og er knytt til NRIS (https://www.sigma2.no/about-us). NRIS er en nasjonal digital forskingsinfrastruktur for data og berekningar. Du blir en del av eit støttande og samarbeidsvillig team som delar kunnskap og løyser utfordringar saman.
IT-avdelinga ved UiB er eit av dei største IT-miljøa på Vestlandet. Avdelinga ynskjer å vere digitalt leiande og leverer eit breitt spekter av IT-tenester innan utvikling, drift, forvaltning og brukarstøtte. Vi er ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i spennande aktivitetar innanfor heile UiB si verksemd og med brei kontakt med brukarane ved universitetet. Vi har eit stort mangfald av teknologiar, kompetanse og nasjonalitetar.
IT-avdelinga har om lag 140 tilsette, i tillegg til lærlingar og deltidstilsette studentar. Vi legg vekt på kontinuerleg forbetring med Lean-metodikk og nyttar ITIL-rammeverket for organisering av tenesteleveransar. Avdelinga har ei produktbasert tilnærming til alle leveransar. Den jobben har starta, og vi inviterer til å ta del i den vidare utviklinga. Sjå meir om IT-avdelinga her: https://www.uib.no/it/155335/om-it-avdelingen-ved-uib
Arbeidsoppgåver:
- Bli en del av NRIS Infra-teamet og bidra i vidareutvikling og drift av NRIS infrastruktur
Ekstra oppgåver i produktlinja kan være:
- Drift og vidareutvikling av infrastruktur og tenester for vitskapelege berekningar
- Deltaking i prosjekter både nasjonale og internasjonale
- Automatisering av drift og tenester for vitskapelege berekningar
- Bidra i dokumentasjonsarbeidet og brukarstøtte
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Erfaring med avansert bruk av Linux OS
- Kompetanse i et eller fleire scriptspråk, som Bash eller/og Python
- Erfaring og kunnskap om tungrekning (HPC) eller sterk kompetanse innan Linux OS
- Sjølvstendig, strukturert og kan arbeide i team
- Interesse for brukarinteraksjon
- Likar å jobbe med ny teknologi og tileigne deg ny kunnskap
- Oppteken av å finne gode løysingar og har god arbeidskapasitet
- For overingeniør må du ha minst bachelorgrad eller ingeniørutdanning frå universitetet eller høgskule, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter- og vidareutdanning
- For senioringeniør er kravet mastergrad innanfor relevant fagområde, eller tilsvarande kvalifikasjonar oppnådd ved relevant praksis og tilstrekkeleg etter -og vidareutdanning.
- Du kommuniserer godt munnleg og skriftleg på norsk og engelsk. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt med berre engelsk. I så fall blir det obligatorisk å gjennomføre og beherske norsk på B2-nivå innen tre år
Vi vil leggje spesiell vekt på personlege eigenskapar som gjer søkjarane skikka til stillinga.
Det er ønskeleg om du har kjennskap til en eller fleire av følgande:
- Ansible ("Infrastructure as code" som førande prinsipp)
- Infrastruktur automatisering og orkestrering
- Erfaring med å lage overvaking til digitale infrastruktur
- Virtualisering som Proxmox, Openstack eller liknande
- GitOps prinsippa
- “Linux hardening", som (firewalld, ssh, nettverk)
- Erfaring med å jobbe i tverrfaglege og agile-team
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
- Ein kunnskapsrik og engasjert organisasjon med deltaking i mange spennande aktivitetar
- Moglegheit for vidareutvikling og kompetanseheving
- Stilling som overingeniør (kode 1087) løn 620 000 - 700 000, eller senioringeniør (kode 1181) løn 691.500 - 850.000 avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte søkarar kan det verte aktuelt med høgare løn
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Moglegheit for avtale om delvis heimekontor
- Fleksitid og gode velferdsordningar (https://www.uib.no/foransatte/17399/velferd)
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: produktlinjeleiar Olaf Brehmer (olaf.brehmer@uib.no) eller produktområdeleiar Alexander Oltu (alexander.oltu@uib.no, mobil 468 19 137).
Dei som blir tilsett kan få andre arbeidsoppgåver innan avdelinga sine arbeidsområde.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
UiB er underlagt regelverket for eksportkontroll og regelverket kan komme til anvending ved behandling av søknader til stillinga.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.Nærare om tilsettingsprosessen her (https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen).
FerdigheterAI-generert
- Automasjon av infrastruktur og applikasjoner
- Automatisering
- Bash (operativsystem)
- Linux
- Orkestrere musikk
- Python (dataprogrammering)
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Sentraladministrasjonen gjev råd og bistand til leiing og fakultet ved Universitetet i Bergen. Sentraladministrasjonen er organisert i sju avdelinger. Les meir om IT-avdelinga her.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Nygårdsgaten 5, 5015 Bergen
- Bransje: Forskning, utdanning og vitenskap, IT, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Systemarkitekt
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452794326
- Sist endret

