Overlege, spesialist i psykiatri Regional avdeling spiseforstyrringar
Divisjon psykisk helsevern/ Regional avdeling spiseforstyrringar, Helse Bergen H
- Frist 26.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Regional avdeling spiseforstyrringar (RAS) er ein av fem avdelingar i Psykiatrisk klinikk, Divisjon psykisk helsevern. Tre avdelingar er lokalisert ved Sandviken sjukehus: Avdeling stemningslidingar, Avdeling psykiatrisk akuttmottak (PAM) og Avdeling spesialisert psykosebehandling. To avdelingar er lokalisert i Glasblokkene på Haukelandsområdet: Avdeling psykosomatisk medisin og Regional avdeling spiseforstyrringar.
Psykiatrisk klinikk har som ambisjon å vere eit fyrtårn innan psykisk helsevern. Vårt mål er at Regional avdeling spiseforstyrringar skal vere leiande i fagfeltet. Som overlege ved RAS vil du primært ha behandlingsansvar for pasientar i sengepost. Du vil jobbe tett med eit høgspesialisert fagleg team saman med psykologspesialistar, psykologar, sosionom, klinisk ernæringsfysiolog og sjukepleiarar/psykiatriske sjukepleiarar. Teamet har fokus på gode pasientforløp på tvers av behandlingsnivå i Helse Vest.
RAS er ei av fire regionale einingar i Noreg, og gjev behandlingstilbod til pasientar med alvorlege spiseforstyrringar i Helse Vest. Avdelinga har eit døgntilbod med åtte sengeplassar samt ein spesialistpoliklinikk. I tillegg har vi eit tverrfagleg Responsteam, som tilbyr rettleiing til behandlarar og behandlingsteam i saker med alvorlege spiseforstyrringar i regionen. Vi har ansvar for utvikling av kompetanse innan spiseforstyrringar i Helse Vest. Kvalitetsarbeid og forsking er sentrale satsingsområde, og avdelinga har ei forskningsgruppe i samarbeid med Psykisk helsevern for barn og unge..
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og diagnostisering av pasientar knytta til avdelinga
- Behandlingsansvar, planlegging og gjennomføring av behandling
- Deltaking i tverrfagleg team
- Samarbeid med lokale behandlingsteam for å sikre samanhengande pasientforløp
- Rettleiing og formidling av kunnskap internt og eksternt i Helse Vest
- Medverke til fagleg vidareutvikling av tenestetilbodet
- Deltaking i bakvaktsordning for psykiatrisk klinikk
- Rettleiing av LIS
Kvalifikasjonar
- Godkjend spesialist i psykiatri
- Erfaren lege i spesialisering (LIS 3) som snart er godkjend spesialist kan også søke
- Det er ein fordel med erfaring frå behandling av pasientar med spiseforstyrringar
- Søkar må meistre norsk på høgt nivå, både munnleg og skriftleg
- Norsk autorisasjon
Personlege eigenskapar
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du er motivert, fleksibel og løysingsorientert
- Du trivast med å jobbe i tverrfagleg team
- Du har gode evne til kommunikasjon og samarbeid
- Du bidrar aktivt til eit godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
- Vi legg vekt på at søkar er personleg eigna
Vi tilbyr
- Eit engasjert fagmiljø og gode kollegaer
- Høgt fagleg nivå
- Anledning til forsking
- Deltaking i kompetanseprogram inkludert deltaking i internasjonalt samarbeid på fagfeltet
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Brede Aasen, Klinikkleiar, 90097886, brede.aasen@helse-bergen.noErik Johnsen, Klinikkoverlege, 55958485, Erik.johnsen@helse-bergen.no
Anneli Louise Ødemark Dyrdal, Seksjonsleiar, 55976827, anneli.louise.odemark.dyrdal@helse-bergen.no
Arbeidsstad
Haukelandsbakken 155009 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5082480045
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452778309
- Sist endret




