Fagansvarleg bakar
Bakeriet i Lom AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Vi søkjer ein erfaren og engasjert bakar til Bakeriet i Lom
Bakeriet i Lom er eit bakeri med lange tradisjonar. Vi brenn for godt handverk og bruk av naturlege, reine råvarer. Vi er stolte av å kunne tilby alt frå tradisjonelt handforma surdeigsbrød til smakfulle bollar og delikate bakverk.
Vi leitar no etter ein erfaren bakar som kan ta rolla som fagansvarleg hos oss. I tillegg til å vere ein del av den daglege produksjonen, vil du ha ansvar for produktkvalitet og produktutvikling, oppfølging av lærlingar og opplæring av bakemedarbeidarar. Stillinga rapporterer til bakesjef.
Vi søkjer ein bakar med fagbrev og nokre års erfaring. Du brenn for bakefaget og godt handverk, er kvalitetsbevisst og har sans for detaljar, og ønskjer å bidra til vidareutvikling av bakeriet. Du likar å lære frå deg og sjå andre vekse, er pedagogisk og har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner. Du forstår verdien av å prestere som eit lag.
Hos oss lever vi etter verdiane: Open, Oss, Ordentleg.
Dine hovudoppgåver:
Produksjon av brød, kaker og anna bakverk i tråd med våre metodar og standardar
Fagleg ansvar for produktkvalitet og produktutvikling i tett samarbeid med bake- og salsteam
Ansvarleg for dagleg oppfølging av bakeriets 2 lærlingar og avtalte opplærlingsplanar
Opplæring og kompetanseutvikling internt i baketeamet
Utvikling av oppskrifter og arbeidsmetodar
Erfaring som bakar med fagbrev. Relevant praktisk erfaring kan kompensere
Lidenskap for baking, held deg fagleg oppdatert og har stor interesse for mat og handverksproduksjon
Du er strukturert og nøyaktig, med høgt fokus på kvalitet
Grundig, effektiv og ryddig. Du held orden rundt deg og trivst med hektiske periodar og mykje energi
Du er ein imøtekommande og samarbeidsvillig lagspelar og bidreg aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Du kommuniserar godt på skandinavisk og engelsk
Varierte arbeidsdagar og eit godt, internasjonalt og inkluderande arbeidsmiljø
Konkurransedyktige vilkår til rett person
Utviklingsmoglegheiter
Hjelp til å finne bustad
Storslått natur og moglegheit for ei aktiv fritid
Send søknad og CV på e-post til jobb@bakerietilom.no. For spørsmål, ta kontakt med dagleg leiar Heidrun Marstein på telefon 948 67 977 eller bakesjef Lovise Åmot Linnerud på telefon 977 31 152.
Ferdigheter
- Bake varer
- Bakeriprodukter
- Nordisk spåk
- Produktutvikling
- Utføre godt håndverk
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Bakeriet i Lom er eit ekte handverksbakeri, bygd på kunnskap og reine, naturlege råvarer. Bakeriet ligg i storslåtte naturomgjevnader i hjartet av Jotunheimen og blei grunnlagt i 2004 av Morten Schakenda. Vi er kjende i heile Noreg for bakverket vårt og er ein populær stoppestad for både lokalbefolkninga og tilreisande. Bakeriet er ein tydeleg sesongarbeidsplass, og i høgsesongen bakar vi på to bakeri og er om lag 25 personar i bakarteamet.
- Sektor: Privat
- Sted: Sognefjellsvegen 7, 2686 Lom
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Matvareproduksjon og -industri, Restaurant, mat og uteliv
- Stillingsfunksjon: Baker, Mat og servering
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
(1/5)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452728154
- Sist endret



