Kilstraumen Brygge søker etter kokk i 100% stilling
KILSTRAUMEN BRYGGE AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Kokk Kilstraumen Brygge
Kunne du tenka deg å arbeide hjå den mest populære møteplassen ved sjøen i Nordhordland? Kilstraumen Brygge AS søker no etter ein engasjert og fagleg sterk kokk i 100 % stilling som vil vera med å skape gode matopplevingar for gjestane våre.
Om oss
Kilstraumen Brygge er ein levande restaurant og bar i Austrheim kommune, med fokus på god mat, hyggeleg atmosfære og høg kvalitet – både i sesong og utanom. Vi har signaturrettar frå havet som ligg rett utanfor glasa våre. Som ein sesongbasert restaurant vil arbeidsdagane vera varierte; med høgt tempo, servering for private selskap, buffet og mykje meir. Kvar torsdag er det raspeballemiddag og søndagar er det herleg buffet. Våre gjestar er frå heile Nordhordland, Bergen og kommunane omkring. Kilstraumen Brygge ligg 10 minutt frå det store industriområdet på Mongstad, og vi er ofte vertskap for kurs og konferansar for bedrifter derifrå. Kilstraumen Brygge består også av stor marina, oppstillingsplass for bubilar og vi har 16 rorbuer, 8 hytter, leiligheter og rom for utleige.
Arbeidsoppgaver
Tilbereding av mat, à la carte, buffet og selskap
Bidra til utvikling av menyar og nye rettar
Sikre god kvalitet og effektiv drift på kjøkkenet
Følge rutinar for IK-mat, hygiene og HMS
Samarbeide tett med kjøkken- og servisteam
Vi ser etter deg som
Har fagbrev som kokk (relevant erfaring kan kompensere)
Trives i eit høgt tempo og samarbeider effektivt både sjølvstendig og i team
Har stoltheit for faget og sans for kvalitet
Er strukturert, påliteleg og positiv
Beherskar norsk eller skandinavisk språk (munnleg)
Vi tilbyr
100 % stilling
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
Varierte arbeidsdagar i ein populær restaurant
Konkurransedyktige betingelsar
Lønn over tariff
Vi ser fram til å motta din søknad på e-post post@kilstraumen.com så snart som mogleg, og behandlar søknader fortløpande. Legg ved CV og eit kort følgebrev. Du kan forvente å høyre frå oss innan kort etter at vi har motteke din søknad.
Oppstart i stillinga etter avtale.
Ferdigheter
- Mattilbereding
- Nordisk spåk
- Restaurant (matlaging)
- Samarbeidsevne
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
- Sektor: Privat
- Sted: Kilstraumen 1, 5943 Austrheim
- Bransje: Hotell og overnatting, Restaurant, mat og uteliv, Storhusholdning og catering
- Stillingsfunksjon: Kokk
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
kilstraumen brygge, matopplevingar, à la carte, hygiene, fagbrev
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452642772
- Sist endret


