Daglig Leder
Viergo AS
- Frist 17.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Viergo AS søkjer engasjert dagleg leiar
Vil du leie ei verksemd som skapar reell verdi for menneske, lokalsamfunnet og Bømlo? Viergo AS søkjer ein engasjert og framsynt dagleg leiar som ønskjer å bidra til å utvikle verksemda vidare inn i framtida.
Som dagleg leiar vil du ha det overordna administrative, faglege og økonomiske ansvaret for selskapet, og du rapporterer direkte til styret. Du bør ha god forretningsforståing, vere god på nettverksbygging og ha eit sterkt engasjement for å skape moglegheiter for menneske som treng tilrettelegging i arbeidslivet.
Vi er inne i ei omfattande fornying og utvikling av bedrifta, og som dagleg leiar vil du vere ein drivar i dette arbeidet. I september står nye moderne og framtidsretta lokale klare, som legg ein solid plattform for vidare utvikling.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
Dine hovudoppgåver vil vere:
ivareta den sterke og inkluderande organisasjonskulturen
utvikle tenester og produkt, og jobbe aktivt for å få nye oppdrag
vere bindeleddet mellom styret, kommunen, NAV, tilsette og andre samarbeidspartnarar
representere Viergo utad og vidareføre den sterke tilliten verksemda har i lokalsamfunnet
personalleiing, økonomistyring og rapportering til styret
kvalitetsstyring og HMS
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har:
utdanning på høgare nivå, gjerne innan leiing og økonomi, særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet
leiarerfaring og er ein god lagspelar
god forretningsforståing og interesse for sal
fokus på sosial verdiskaping og relasjonsbygging
kjennskap til lokalt arbeidsliv og gjerne relevant nettverk i regionen
erfaring med kvalitetsstyringssystem
gode digitale ferdigheiter og god kommunikasjonsevne
førarkort klasse B
Det er krav om politiattest før tilsetjing.
Kjenner du deg igjen i fleire av desse punkta, oppmodar vi deg til å søkje.
Søkjarar vert vurdert fortløpande.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som:
er ein klar og tydeleg leiar som evner å skape entusiasme
har ein involverande, raus og inkluderande leiarstil
har ønskje om å jobbe med menneske som har behov for tilrettelegging
er initiativrik, resultatorientert og har evne til å jobbe langsiktig
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyr
ei leiarrolle der du skapar reelle forskjellar i kvardagen til mange
ein arbeidsplass med sterke verdiar, godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse
ei verksemd med stort utviklingspotensial i ei spanande og viktig tid
gode pensjons- og forsikringsordningar
konkurransedyktige vilkår
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Interessert i å vite meir?
Ring oss gjerne om du ønskjer ein prat om stillinga.
Ferdigheter
- Forretningsutvikling
- Ledelse av administrative aktiviteter
- Relasjonell kompetanse
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Viergo er ein sentral arbeids- og inkluderingsaktør på Bømlo. Vi samarbeider tett med NAV og tilbyr arbeidstrening og oppfølging gjennom tiltaka varig tilrettelagt arbeid (VTA) og arbeidsførebuande trening (AFT).
Verksemda har 13 faste tilsette, 26 VTA plassar, 9 AFT plassar og fleire praksisplassar i samarbeid med vidaregåande skular. Vi er ei kompetanse- og opplæringsbedrift med eit tydeleg samfunnsoppdrag: å bidra til at alle får oppleve utvikling og auka livskvalitet gjennom meiningsfullt arbeid. Visjonen vår er Varig verdiskaping gjennom kvalitet, meistring og trivsel.
Gjennom produksjon og sal av varer og tenester skapar vi aktivitet og arbeidsmoglegheiter på Bømlo. Verksemda omfattar snekkeravdeling, vaskeri, handverksavdeling, lysproduksjon og eit bakeri med utsal, catering og varer frå eigen produksjon.
Viergo er heileigd av Bømlo kommune og spelar ei viktig rolle i lokalsamfunnet. No får du moglegheita til å vere ein nøkkelperson i både gjenreisinga og vidare utvikling av verksemda og samtidig bidra til å skape varige verdiar for menneske og samfunn.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bremnesvegen 900, 5430 Bremnes
- Hjemmekontor: På kontoret
- Bransje: Organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Forretningsutvikling og strategi, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
dagleg leiar, forretningsforståing, økonomisk ansvar, administrativt ansvar, bømlo
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452493982
- Sist endret
