
Undervisningsstilling 100%
Vestland fylkeskommune
- Frist 09.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Undervisningsstilling elektro og datateknologi
Trivst du med ungdom, er engasjert i faget ditt og opptatt av å sikre gode og kvalifiserte yrkesutøvarar for framtida?
Askøy videregående skole har no ledig fast stilling som lærar på avdeling for elektrofag. Stillinga er ledig for oppstart så snart som mogeleg.
Askøy videregående skole har omlag 700 elevar og 120 tilsette, fordelt på utdanningsprogramma: Bygg- og anleggsteknikk, elektro og datateknologi, helse- og oppvekstfag, teknologi- og industrifag, studiespesialisering og påbygging til generell studiekompetanse. I tillegg tilbyr skulen individuelt tilrettelagt opplæring i eigne grupper.
Vi legg stor vekt på at fagopplæringa er i tråd med behov og krav i arbeidslivet, og at skule- og læringsmiljøet skal vere trygt og godt. Skulen fekk i 2023 nye verkstader i det nye bygget vårt, noko som gir oss eit mangfald av moglegheiter. Vi legg vekt på å utvikle inkluderande praksisar, med mål om at alle elevane våre skal få utvikle sitt potensiale, og ha utbytte av opplæringa. Vi har eit godt samarbeid med næringslivet, og arbeider aktivt med å utvikle dette for å kunne gje elevane våre relevant og god opplæring.
Arbeidsoppgåver
- Undervising i programfaga på utdanningsprogrammet elektro og datateknologi, i hovudsak på Vg1-nivå. Det kan også bli aktuelt med noko undervisning på vg2-nivå.
- Oppfølging av elevar og deira faglege, sosiale og personlege utvikling.
- Samarbeid med kollegaer i profesjonsfellesskapet, med opplæringskontor og næringsliv, m.a. om formidling av læreplass til elevane, og med leiinga for å utvikle skulen sitt samla tilbod.
- Å halde seg orientert om utviklinga i bransjen og i fag- og yrkesopplæringa, og fagleg oppdatert i eigen praksis.
Kvalifikasjonar
For denne stillinga er det krav om minimum fagbrev og yrkespraksis i fag som er relevant for programområdet.
Det er ynskjeleg med:
- Fagskule og utdanning som kvalifiserer for tilsetjing som lærar.
- Fagspesifikk utdanning og/eller erfaring som kan tilføre viktig kompetanse til avdelinga.
- Undervisningserfaring og arbeid med ungdom.
- Erfaring i bruk av IKT og varierte digitale undervisningsmetodar.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne.
Forskrift til opplæringslova § 12-8 skildrar krav for å bli tilsett i lærarstilling i programfag på yrkesfaglege utdanningsprogram i den vidaregåande opplæringa. Fylkeskommunen skal sørgje for at dei som skal tilsettast oppfyller eitt av desse krava:
a) Du har yrkesfaglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
b) Du har universitets- eller høgskoleutdanning som samla utgjer minst 180 studiepoeng, inklusive pedagogisk utdanning etter § 12-1. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
c) Du har faglærarutdanning. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å undervise i fag der du har minst 60 studiepoeng relevant utdanning.
d) Du har fag- eller sveinebrev eller bestått anna yrkesfagleg vidaregåande opplæring. I tillegg må du ha to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå og fire års yrkespraksis etter fullført vidaregåande opplæring. Slik bakgrunn kvalifiserer for tilsetting i fag som utdanninga eller bakgrunnen er relevant for. Det krevst også pedagogisk utdanning i samsvar med § 12-1.
e) Du har lærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Du som har slik utdanning, kan tilsettast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Dei som ved opptak til praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag har fått godkjent kravet om to års relevant yrkesteoretisk utdanning på grunnlag av realkompetanse, oppfyller kravet om to års yrkesteoretisk utdanning utover vidaregåande skolenivå i første ledd bokstav d.
Dersom du manglar delar av utdanningskravet blir du tilsatt på vilkår, og start- og sluttidspunkt av utdanninga avtalt med leiar.
Personlege eigenskapar
- Du er inkluderande i møte med elevane, og oppteken av verdien av mangfald.
- Du har god pedagogisk forståing, og har blikk for elevane sine sterke sider.
- Du er engasjert og positiv, og legg til rette for variert undervisning.
- Du tek initiativ til samarbeid, men er òg sjølvstendig i eige arbeid.
- Du er ein aktiv deltakar i profesjonsfellesskapet, og tar ansvar for å utvikle avdelinga sitt samla tilbod til elevane.
- Du trivst i eit hektisk arbeidsfellesskap med elevar, miljøarbeidarar, lærarar og andre hjelpeinstansar i laget rundt eleven.
Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø på ein skule i utvikling, med eleven i fokus.
- Gode høve til eiga læring og utvikling i eit profesjonelt læringsfellesskap.
- Moglegheit til å vere med å utvikle fagtilbudet ved skulen.
- Løn og lønsutvikling i tråd med tariffavtalen og Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk. Det kan bli vurdert eigne vilkår for å rekruttere særskilt kritisk kompetanse.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Søknad og cv sender du ved å bruke elektronisk søknadsskjema i webcruiter. Søknaden må innehalde attestar og vitnemål.
Vi gjer merksam på at overtallige ved andre skuler kan ha rett til utlyst stiling.
Alle som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram godkjent politiattest.
FerdigheterAI-generert
- IT-kompetanse
- Praktisk-pedagogisk utdanning
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Sted: 5300 Kleppestø
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Lærer/Lektor
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Elektrofag, Faglærar, Vidaregåande, Faglærer, Videregående
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452423283
- Sist endret
