Driftsteknikar
Hardingsmolt AS
- Frist 31.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Elektrikar/automatikar/industrimekanikar med moglegheit for turnus
Om stillinga:
Me søkjer driftsteknikar med fagbrev som elektriker, automatiker, industrimekaniker. Andre relevante tekniske fagbrev kan også vurderast. Er du ein allsidig, sjølvgåande og løysingsorientert person med god teknisk innsikt? Likar du varierte arbeidsoppgåver og å bidra på fleire område? Då kan du vere den me ser etter!
Hos oss får du jobbe i eit tverrfagleg miljø med høg kompetanse, der me stadig utviklar oss og held oss oppdatert på aktuelle kurs og ny teknologi. Det er også moglegheit for å tre inn i bedriftas vaktordning.
Arbeidsoppgåver:
Tilsyn, drift og vedlikehald av elektriske, mekaniske og automasjonssystem på anlegget
Systematisk og førebyggjande vedlikehald av teknisk utstyr og anlegg
Oppfølging av produksjons-, vedlikehalds- og internkontrollsystem
Journalføring, registrering og rapportering av tekniske hendingar og vedlikehald
Deltaking i større arbeidsoperasjonar og praktisk problemløysing
Bruk av løfte- og lasteutstyr på anlegget
Bidra til oppdatering og forbetring av rutinar og prosedyrar
Vere ein ressurs på tvers av fagområde – typisk altmuligmann-oppgåver som drift, småreparasjonar, feilsøking og støtte til kollegaer
Ønskte kvalifikasjonar:
Eitt eller fleire fagbrev og/eller fagskule
Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk
Erfaring frå driftsteknisk arbeid, gjerne frå oppdrett eller industri
Evne til å setje seg raskt inn i nye arbeidsoppgåver og bidra til utvikling av arbeidsmetodikk
Me tilbyr:
Konkurransedyktige vilkår
Gode pensjons- og forsikringsordningar (AFP og innskot)
Moglegheit for utvikling og erfaring internt i organisasjonen
Arbeidsstad i flotte omgjevnadar i Tørvikbygd
Eit inkluderande og kompetent arbeidsmiljø med fokus på HMS og utvikling
Ferdigheter
- Forebyggende vedlikehold
- Løse praktiske, operasjonelle problemer i industrielle prosesser
- Mekanisk feilsøking /vedlikehold
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Om Hardingsmolt AS
Hardingsmolt er ein leiande aktør innan produksjon av laksesmolt. Me har 30 tilsette i Tørvikbygd og 7 ved Koløyholmen, og planlegg store investeringar dei neste åra. Me er eigd av Kobbevik og Furuholmen Oppdrett AS og Fremskridt Laks AS, og har eit sterkt fokus på innovasjon og berekraftig utvikling. Anlegget vårt har 10 400 m³ karvolum på land og 24 000 m³ lukka volum i sjø. Me er ei ein utbyggingsfase no og sommaren 2026 utvidar me anlegget vårt på land med ytterlegare 13 800m³.
- Sektor: Privat
- Antall stillinger: 2
- Sted: Lysevegen 20, 5620 Tørvikbygd
- Bransje: Fiskeri og oppdrett
- Stillingsfunksjon: Teknisk personell
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
automatiker, renseanlegg, industrimekaniker, elektriker, driftsteknikar
(1/4)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452394727
- Sist endret

