Leiar fritidsklubb
Klepp kommune
- Frist 10.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Leiar fritidsklubb
Vil du leie, påverke og skape framtidas møteplass for ungdom?
Klepp kommune står framfor ei spanande satsing: Hausten 2026 flyttar me inn i heilt nye, moderne lokale – og no søkjer me ein energisk, tydeleg og visjonær leiar som vil vere med og forme ungdomstilbodet vidare.
Dette er jobben for deg som brenn for ungdom, miljøskapande arbeid og nyskaping. Hos oss får du høve til å byggje ei attraktiv, trygg og levande møteplass der ungdom får oppleve meistring, fellesskap og ekte tilhøyrsle.
Som leiar for fritidsklubben får du ei nøkkelrolle i å utvikle tilbodet – frå idé og planlegging, til gjennomføring og drift. Du blir ein viktig medspelar i kommunen sitt arbeid for gode oppvekstmiljø og kriminalitetsførebygging, og du får eit breitt samarbeid med andre fagmiljø i tenesteområdet Barn og unge.
Arbeidstida er i hovudsak på dagtid, med kveldsarbeid i takt med klubbens opningstider må påreknas. Stillinga rapporterer til oppvekstsjef, og har ei sentral rolle i oppvekstsjefen sitt leiarteam saman med leiar for helsestasjonsteneste, leiar for barnevernstenesta, leiar PPT og leiar av Klepp tverrfaglege team. I tillegg er ein med i leiarnettverk saman med alle leiarane i Barn og unge.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil mellom anna vere å:
- Leie utviklingsarbeid og drive endringsprosessar for fritidsklubbtilbodet i Klepp
- Ha personalansvar for deltidsansatte, inkludert oppfølging av arbeidsplanar og vaktlister
- Sikre god økonomistyring og handtere merkantile oppgåver
- Utarbeide og følgje opp rutinar, prosedyrar og instrukser for klubben
- Bidra aktivt i kommunen sitt SLT-arbeid, og vere ein sentral aktør i det kriminalitetsførebyggjande samarbeidet
- Delta i relevante nettverk og fora, mellom anna ungdomsrådet
- Planleggje og gjennomføre aktivitetar, arrangement og klubbkveldar – både planlagde og spontane
- Byggje relasjonar, sjå ungdommane, og bidra til at dei får eit trygt, inkluderande og utviklande miljø
- Synleggjere tilbodet og kommunisere med ungdom, samarbeidspartnarar og lokalsamfunn – også via sosiale medium
- Samarbeide tett med offentlege og frivillige aktørar
- Følgje opp kommunale planar og styringsdokument
- Bidra til utvikling av ferie- og fritidstilbod for barn og unge
Kvalifikasjonar
- Høgare utdanning på minimum bachelornivå - relevant erfaring kan kompensera for manglande utdanning
- Gjerne leiarutdanning – eller ønske om å ta dette
- Erfaring med leiing, utviklingsarbeid og endringsprosessar
- Erfaring frå ungdomsarbeid eller organisasjonsarbeid retta mot ungdom
- Gjerne kompetanse på medverknadsprosessar og brukardriven utvikling
- Gode IT-ferdigheiter og tryggleik i bruk av sosiale medium
Personlege eigenskapar
- Er ein trygg, tydeleg og profesjonell vaksenperson – og ein god rollemodell
- Trivst med ungdom og har sterke relasjonelle ferdigheiter
- Er kreativ, fleksibel og full av gjennomføringskraft
- Klarer å inspirere og engasjere både ungdom og medarbeidarar
- Er sjølvstendig og strukturert, men og ein positiv og inkluderande lagspelar
- Tør å ta ansvar, setje grenser og vise at du bryr deg
- Følgjer med på trendar i ungdomskulturen og er nysgjerrig på kva som rører seg
- Gjerne har ein eigen interesse, hobby eller lidenskap som du kan ta med inn i klubbarbeidet
- I ei open møteplass må du kunne balansere trygg grensesetting med fleksibilitet, og handtere uventa situasjonar på ein roleg og konstruktiv måte
Vi tilbyr
- Løn etter avtale
- God leiarstøtte
- Vekt på tverrfagleg samhandling
- Godt arbeidsmiljø
- Bedriftskunsforening
Tilsetting skjer på dei vilkår og med dei plikter som går fram av utlysninga, og med dei lovar og reglar som til ei kvar tid gjeld.
FerdigheterAI-generert
- IT-kompetanse
- Merkantile oppgaver
- Økonomistyring
- Synliggjøring på SoMe
- Utvikle arbeidsprosedyrer
- Utviklingsarbeid
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 21 000 innbyggarar og om lag 1800 tilsette. Me ligg sentralt til, med korte avstander både til Stavanger, Sandnes og Bryne.
Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.
Visjonen vår er «Med blikk for alle». Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt, og me oppmodar alle kvalifiserte til å søkja, uansett alder, kjønn, funksjonsevne, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn.
Me gjer merksam på at søkarlister kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bedriftsvegen 4, 4353 Klepp stasjon
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Andre pedagoger, Ledelse
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
Fritidsklubb:, Ungdommer:
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452387949
- Sist endret


