Sjukepleiarar
Suldal Kommune, eining Suldal sjukeheim
- Frist 12.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du engasjert, likar utfordringar og kjenner ansvar for jobben? Då er det kanskje du som er vår nye sjukepleiar!
Suldal sjukeheim lyser ut tre faste stillingar – bli med på laget vårt!
I mai 2025 flytta me inn i heilt nye, moderne og innbydande lokalar. Her får du ein arbeidsplass der både medarbeidarar og bebuarar trivst, med gode fasilitetar, rom for fagleg utvikling og eit inkluderande arbeidsmiljø.
Sjå film frå flotte Suldal sjukeheim : https://www.youtube.com/shorts/HCyt_criKQI
Me kan love deg dyktige og engasjerte kollegaer.
Me har høg fagkompetanse og mykje hjartevarme.
Me jobbar for å gi trygg og aktiv omsorg med fokus på livskvalitet.
Me har årsturnus
Suldal kommune har gode lokale tillegg for sjukepleiar. Sjukepleiarar og spesialsjukepleiarar startar med løn som om dei har 8 års ansiennitet.
Du får eit tillegg på kr. 25.000 om du er sjukepleiar eller eit tilleg på kr. 30.000 om du har ei vidareutdanning og er spesialsjukepleiar
Me har rekrutteringsbustadar du kan søkje på for å prøvebu i Suldal. Sjå her: Prøvebu i Suldal - Suldal kommune heimeside
Om stillinga
2 x 100 % med arbeid kvar 3.helg. Ledig frå 01.04.2026
1 x 75 % med arbeid på langvakter kvar 4.helg. Ledig frå 01.05.2026
Ved intern omrokkering kan anna stilling verta ledig.
Arbeidsoppgåver
Utøve omsorgsfull og fagleg forsvarleg pleie og behandling av bebuarane ved sjukeheimen.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar
Personlege eigeskapar vil bli vektlagt
Evne til å arbeide for eit godt arbeidsmiljø
Evne til å takle andre personar sine utfordringar og å møte personar i sårbare situasjonar medtryggleik og respekt
Gode datakunnskapar
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Hjå oss i Suldal kommune får du
Fagleg og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
Engasjerte og dyktige kollegaer
Gode pensjons- og forsikringsordningar igjennom KLP
Bedriftshelseteneste
Løn- og tilsetjingsvilkår i samvar med lov- og avtaleverk
Nynorsk som administrasjonsspråk
Andre opplysingar
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju
Det er krav om godkjent politiattest etter gjeldande lovverk ved tiltredning. Attesten kan ikjke vereeldre enn tre månadar
Kontaktinformasjon for stillinga finn du til høgre for annonsa
Kommunen følgjer offentlighetslova § 25 ved eventuell offentliggjering av søkjarliste
Slik søkjer du
Me ber om at du søkjer elektronisk. Klikk på "send søknad" og følg vidare instruksjonar
Du kan logge inn via ID- porten, med brukarnamn og passord, via Facebook- profil eller søkje utan ålogge inn. Dess mer du fyller ut, dess betre vert du sjåande ut på søkjarlista
Me ber om at du legg ved attestar og vitnemål i søknaden. Om du ikkje har dei elektronisk kan deitakast med til intervju
Treng du hjelp kan du kontakte kommunen på tlf. 52 79 22 00
Velkommen som søkjar! Me ser fram til å høyra frå deg.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Suldal kommune
Velkommen til Skattkammeret Suldal - Rogalands største kommune i areal, og eit levande samfunn rik på naturressursar og kreativ kraft.
Me er stolte av å være ein nyskapande arbeidsgjevar. Me omfamnar LEAN-prinsippa for å skapa makalause tenester, og søkjer alltid etter dedikerte medarbeidarar som ønskjer å bli med på reisa vår.
Om du søkjer ein meiningsfull karriere, samtidig som du ønskjer eit balansert og aktivt kvardagsliv, er Suldal plassen for deg.
Det rike kulturlivet i Suldal gir liv til samfunnet, både i grendene og på vårt aktive kulturhus på Sand. Her ligg også sentralidrettsanlegget med idrettshall, sandhall og Suldal bad.
Hos oss finn du dei høgaste toppane i Rogaland, langstrakte vidder, idylliske grender tett på fjorden og 70 km med merka skiløyper i vintersesongen.
Utforsk våre ledige stillingar og bli ein del av laget vårt.
Velkommen til Suldal kommune – eksotisk, aktiv og trygg!
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Eidsvegen 7, 4230 Sand
- Bransje: Ideelle organisasjoner
- Stillingsfunksjon: Sykepleier
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452360496
- Sist endret