Har du lyst å bli rå på blodtapping?
Immunologi og transfusjonsmedisin, Haugesund sjukehus
- Frist 9.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Sjukepleiar eller bioingeniør med interesse for blodbank? Vi treng deg i blodbanken!
Blodbanken vår er ein viktig del av sjukehuset – og no ser vi etter deg som vil bli med i laget vårt. Her jobbar vi tett på både blodgivarar og pasientar, og du får ei variert arbeidskvardag der både prøvetaking og pasientkontakt står i sentrum.
Hos oss blir du ein del av ei triveleg og samansveisa gruppe, som støttar kvarandre og har det kjekt på jobb. Vi har base i det nye sjukehusbygget i Haugesund, med moderne fasilitetar og høg kvalitet i arbeidet vårt.
Kanskje har du erfaring frå blodprøvetaking frå før – eller kanskje er du nysgjerrig på faget og har lyst til å lære meir. Det viktigaste for oss er at du er trygg i møte med menneske, liker å samarbeide og trivst i eit aktivt miljø der dagane går fort.
Her finn du ei akkreditert avdeling med høg fagleg standard og moderne utstyr – vi jobbar etter krav frå NS-EN ISO 15189.
👉 Kjenner du at dette kan passe for deg? Send inn ein søknad no!
Kva går jobben ut på?
Dette er noko av det du vil å jobbe med hos oss:
- Ta imot og tappe blodgivarar.
- Ha samtalar med blodgivarane og vurdere om dei kan gi blod.
- Sette opp og administrere timar for blodgiving.
- Svare på telefon og hjelpe blodgivarar med spørsmål.
- Ta blodprøver pasientar.
- Gjere merkantile oppgåver.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller bioingeniør er ein forutsetning
- Erfaring frå tapping/prøvetaking er ein fordel, men ikkje nødvendig.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
- Må like å jobbe/snakke med mennesker
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kva ser vi etter hos deg?
Vi ser etter deg som:
- er ansvarsbevisst, nøyaktig og til å stole på
- trivst med å jobbe med folk og skaper ein god tone i møte med andre
- liker å samarbeide og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- har høg arbeidsmoral og tar oppgåvene dine på alvor
- taklar hektiske dagar med godt humør
- liker å ta blodprøver
Personlege eigenskapar vert vektlagd.
Desse fordelane får du hos oss:
- Du blir ein del av eit trygt og inkluderande fellesskap der vi har det kjekt på jobb.
- Arbeidskvardagen er variert – her er ingen dagar heilt like.
- Bra pensjon og forsikringar som dekker deg både på jobb og reise.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden
Kontaktinformasjon
Anita Larsen, Funksjonsleder, +47 52732280, anita.larsen@helse-fonna.noArbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5084233108
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452351975
- Sist endret