Lærarstillingar i Vanylven kommune
Vanylven kommune, Kultur- og oppvekst
- Frist 22.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Det er ledig inntil tre stillingar som lærar for fast tilsetting og vikariat i Vanylven kommune frå
01.08.2026.
Kommunen har tre grunnskular
- Myklebust skule, 1-10 skule
- Fiskå skule, 1-7 skule
- Åheim skule, 1-10 skule
I tillegg kan det bli aktuelt med lærarstillingar i pedagogisk vikarbank, alternativ opplæringsarena (VAOA)
og voksenopplæringa.
Vanylven kommune arbeider med fagfornyinga med fokus på sosialkompetanse/IBSM, fysisk aktiv læring og lesing skuleåret
2026 - 2027. Vi har fokus på mestring, utvikling, erfaringsdeling og samarbeid mellom skulane våre. Vi
ønskjer tilsette med god klasseleiing, samarbeidsevne, god fagleg kompetanse og evne til å være med å
skape ein felles skule i utvikling.
Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då særleg
fagkompetanse innan tysk, spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving, engelsk, matematikk og norsk.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge, gjennomføre og vurdere ordinær og tilpassa undervisning
- Kontaktlæraransvar kan bli aktuelt
- Systematisk arbeid med å skape gode relasjonar og eit trygt og godt skulemiljø for elevane
- Samarbeide med vekt på å auke elevane sitt læringsutbytte
- Målretta fagleg og sosial oppfølging av elev og elevgruppe
- Samarbeid med føresette, interne og eksterne samarbeidspartar
Kvalifikasjonar
Grunnskulane i Vanylven treng lærarar med godkjent kompetanse for dei ulike trinna, og då
særleg fagkompetanse innan engelsk, matematikk, norsk, tysk, spesialpedagogikk, musikk, kroppsøving,
og norsk som andrespråk.
- godkjent allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning 1-7, 5-10, PPU.
- ønskjeleg med minimum 30/60 studiepoeng i basisfag
- god kompetanse på klasseleiing, fag, samarbeidsevne og evne til å vere med å skape eit
profesjonsfellesskap - anna relevant utdanning
- ønskjeleg med erfaring frå læraryrket
- god pedagogisk digital kompetanse
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt i intervju og ved referanse
Personlege eigenskapar
Du er:
- utviklings- og løysingsorientert
- ein tydeleg, robust og inkluderande klasseleiar
- god til å tenkje heilskapleg rundt barna sine oppvekstmiljø
- omgjengeleg, initiativrik og fleksibel
- flink til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning
- god på vurderingspraksis som fremjar elevane si læring
- deltakande og bidreg i skulen sitt utviklingsarbeid
- bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- fremjar eit godt skule-heim samarbeid
- Tilsetjing med atterhald om godkjent politiattest
Vi tilbyr
Løn og tilsetjing på kommunale vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk.I tillegg har vi gode tillegg i høve rekruttering, og gode pensjonsordningar.Søknad skal sendast på kommunen sitt søknadsskjema.
CV skal fyllast inn i søknaden. Gjer vel å gje opp referansar.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Lars Myklebust, Rektor Myklebust skule, 99211748, lars.myklebust@vanylven.kommune.noSylvia Baade, Rektor Fiskå skule, 97030004, sylvia.baade@vanylven.kommune.no
Lena Landsverk Sande, Rektor Åheim skule, 45227168, lena.landsverk.sande@vanylven.kommune.no
Frode Vik, Fagleiar kultur og oppvekst, 99288600, frode.vik@vanylven.kommune.no
Arbeidsstad
Rådhuset6143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 5079671875
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 22.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452348180
- Sist endret


