Fagarbeidar
Herøy kommune, Anlegg og drift
- Frist 16.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Er du klar for nye utfordringar og ein jobb i uteseksjonen ved Anleggs- og driftsavdelinga?
Vi søkjer ein Fagarbeidar i Uteseksjonen i 100 % fast stilling som fagarbeidar med fagfelt innan anleggsgartnarfaget. Vi ser etter ein person som som har evna til å skape det triveleg og ryddig i sentrum, og andre kommunale områder som avdelinga har ansvaret for.
Avdelinga sorteter under avdeling for samfunnsutvikling, og har pr. i dag sju tilsette. Fire av desse har sitt daglege virke i uteseksjonen med verkstad/brannstasjon som base med pauserom, kontor og garderobefunksjonar.
Arbeidsoppgåver
- Dagleg drift/vedlikehald av dei kommunaltekniske anlegga i kommunen, som kommunale vegar, avløpsanlegg, hamn, sentrumsområde, parkområde og verkstaddrift
- Vintervedlikehald, der ein må delta i brøyteberedskapen
Stillinga kan verte tillagt andre arbeidsoppgåver ved behov.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev i anleggsgartnarfaget aller anna relevant utdanning
- Lang erfaring innan arbeidsområdet kan kompensere for utdanningskravet
- Sertifikat klasse BE og T det er også ønskeleg med C1
- Ønskeleg med maskinførar sertifikat for hjullaster
- Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Serviceinnstilt, effektiv og er opptatt av kvalitet
- Sjølvstendig, men må kunne jobbe i team
- Du må trivast i eit hektisk miljø der planane kan forandrast på kort varsel
- Vere fleksibel og løysningsorientert
- Liker å ta ansvar og få ting gjort
- Det er ønskeleg med gode datakunnskapar innan – SD- anlegg og FDV program
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Moderne kontor/garderobar og verkstad, Sjukeheimsvegen 12
- Gode pensjonsordningar i KLP
Herøy kommune er i kommunegruppe 5, noko som vil seie at dersom du bur og arbeider i kommunen kan du frå 1. januar 2025 årleg få sletta studielånet med 25 000 kroner når året er gått. Dette gjeld også dersom du flyttar til kommunen etter denne datoen.
Tilsetjing etter gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkjarlista kan verte offentleggjort. Aktuelle kandidatar vil verte innkalla til intervju.
Kontaktinformasjon
Fred Arnesen, Avdelingsleiar, +47 48897570Arbeidsstad
Rådhusgata 56090 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 5081813907
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452345303
- Sist endret


