Montør innan reklame og profilering
Profilera AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Me har god fart inn i 2026. No styrkjer me laget.
Me ser etter ein montør med hovudarbeidsområde på Husnes og i Kvinnherad.
Arbeid på Stord må også påreknast ved behov.
Klar for å bli med?
Hva vi ser etter
Me ser etter ein god kremmar som:
-
Er utadvend og serviceinnstilt
-
Har førerkort klasse B.
-
Er løysingsorientert og praktisk anlagt
-
Tek ansvar og trivst med sjølvstendig arbeid
-
Bidreg positivt til arbeidsmiljøet
-
Ynskjer å vere ein del av ei bedrift i utvikling
Erfaring frå montering, handverk, grafisk arbeid eller liknande er ein fordel, men rett innstilling og vilje til å læra er vel så viktig.
Arbeidsoppgaver
Arbeidsoppgåver:
-
Montering av skilt og dekor
-
Profilering av bygg og køyretøy
-
Kundekontakt og synfaring
-
Praktisk arbeid ute hos kundar og i verkstad
Arbeidskvardagen er variert og sjølvstendig -- her får du frihet under ansvar.
Vi tilbyr
Me tilbyr:
-
Ein variert og spennande arbeidskvardag
-
Gode utviklingsmoglegheiter
-
Frihet under ansvar
-
Lønn etter avtale.
-
Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
-
Moglegheit til å vere med og vidareutvikle satsinga vår i Kvinnherad
Målet vårt er å fordele arbeidsmengda på ein god måte, redusere sårbarheit og byggje ein robust og trygg organisasjon lokalt -- der alle opplever støtte, føreseielege rammer og gode vilkår i arbeidskvardagen.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 452344077
- Sist endret