
Testleiar
Helse Vest IKT
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Testleiar
Har du lyst på ein livsviktig sjanse?
Er du ein person som er nysgjerrig? Løysingsorientert? Samarbeidsvillig? Og har ei evne til å tenke litt utanfor boksen? Då må du lese vidare.
Vi ønsker å skape mest mulig verdi for sykehusene gjennom å styrke vår leveranseevne. Helse Vest IKT sitt produktområde for infrastruktur for sjukehusdrift har som hovedansvar for å levere forvaltning av små- og mellomstore løsninger, koordinering og rådgivning innen Byggstøtte IKT, samt utvikle og forvalte løsninger for medisin-teknisk utstyr, teknisk utstyr og andre løsninger som ligger innenfor produktområde Infrastruktur for sykehusdrift.
I helse Vest IKT finner du eit sterkt og engasjert fagmiljø innan test. Vi har erfarne og dyktige testleiare som brenn for kvalitet og tryggheit i løysingane våre.
Du vil bli del av eit miljø som samarbeider tett på tvers av produktområde, prosjekt og faggrupper. Du får bidra inn i løysingar som støttar pasientar, legar, sjukepleiarar og alle som jobbar i helsetenestene, frå kritisk klinisk infrastruktur til brukarretta tenester som mange kjenner frå Helsenorge.
Ta gjerne kontakt med ein av våre testleiarar for ein uforpliktande prat:
Roy Andre Ellingsen – roy.andre.ellingsen@helse-vest-ikt.no / 41 74 60 99
Arbeidssted: Bergen, Stavanger eller Haugesund.
Arbeidsoppgåver
- Leie og gjennomføre testaktivitetar.
- Testleiing, testplanlegging, testing og rapportering.
- Testrådgjeving.
- Bidra til fagleg utvikling
Kvalifikasjonar
Dette er ønska kvalifikasjonar, men det er ikkje eit krav at du oppfyller alle desse:
- Relevant høgare utdanning innan IT.
- Erfaring med testleiing.
- Erfaring frå helsesektoren.
- ISTQB-sertifiseringar.
- Erfaring med testing av UX og UU.
- Erfaring med bruk av testverktøy.
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne, flytande norsk (skandinaviske språk kan aksepterast).
Personlege eigenskapar
Vi legger stor vekt på personlige eigenskapar og ser etter deg som:
- kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar.
- har gode samarbeidsevner, viser initiativ og er proaktiv.
- kan koordinere og er god til å følgje opp.
- har god struktur i arbeidet ditt.
- evnar å lytte og forstå.
- kan sørgje for god dialog med relevante ressursar hos helseføretak, leverandør og teknisk personell.
- klarar å levere under press.
- ønsker å dele din kompetanse med dine kollegaer..
- trivst i grensesnittet mellom teknologi og brukarmiljø.
- evnar å sette deg inn i detaljar og samstundes ha overblikk.
Vi tilbyr
- Fagleg utvikling gjennom spennande oppgåver, faggrupper, fagdagar, seminar og kurs.
- Eit stabilt og sterkt fagmiljø både lokalt og i regionalt samarbeid med andre helseregionar.
- Eit positivt og sosialt arbeidsmiljø med høg grad av medarbeidartilfredsheit.
- Løn etter avtale.
- Medlemskap i KLP som sikrar gode pensjonsordningar.
Vi likar å sjå kvarandre på kontoret, og å møtes fysisk er viktig for samarbeid og fellesskap. Men vi forstår at mange ønsker seg ein hybrid kvardag, med moglegheit til å variere mellom å jobbe heimanfrå og på kontoret. Hos oss kan du inngå avtale om heimekontor, og vi har fleksibel arbeidstid som gir rom for ein god balanse mellom jobb og fritid.
Vi oppfordrer alle søkere til å bruke Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter. Dersom du har utdanning fra utlandet, legg ved godkjenning fra Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse.
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi siktar mot å betre helsetenesta ved innovativ bruk av IKT-løysingar. Vi har som mål å innføre teknologi som gjer pasientbehandlinga på sjukehusa tryggare og meir effektiv. Vi er eit framtidsretta miljø som kontinuerleg samarbeider med sjukehusa for å hjelpe dei med innovative arbeidsmåtar. For å klare det, er vi avhengig av å vere ein variert miks av tilsette. I tillegg til teknologi- og IT-hovud, har vi mange flinke folk i stabs- og støttefunksjonar, og ikkje minst med helsefagleg bakgrunn.
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn, eller om du har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Vil du verte betre kjent med oss og lese meir om kva vi driver med? Gå inn på helse-vest-ikt.no
- Sektor: Offentlig
- Sted: Bjørnsons gate 29, 5052 Bergen
- Flere arbeidssteder: Professor Olav Hanssensvei 7A, 4021 Stavanger, Øvregata 126, 5527 Haugesund
- Bransje: Helse og omsorg, IT
- Stillingsfunksjon: Utvikler (generell)
- Arbeidsspråk: Norsk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451948345
- Sist endret




