Blombakkane bustader
Øygarden kommune Blombakkane bustader
- Frist 6.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Om avdelinga:
Blombakkane bustader yter heildøgns omsorgstenester til 9 personar med psykisk utviklingshemming og ulike bistandsbehov. Blombakkane bustader ligg sentralt på Straume med gangavstand frå Straume bussterminal. Vi har som målsetting å bidra til at den enkelte bebuar har ein aktiv og meiningsfull kvardag, kor trivsel, sjølvråderett, tillitsskapande arbeid og meistring tilleggas stor vekt. Me er ein flott og tverrfagleg samansett personalgruppe beståande av vernepleiarar, sjukepleiarar, miljøterapeutar, helsefagarbeidarar og assistentar. Arbeidsmiljøet er prega av tett samarbeid og derav stor kollegastøtte til kvarandre, noko me verdsett høgt. Me har no ein ledig 20% fast helgestilling. Stillinga er ledig frå 03.03.2026. Årsturnus ligg med ordinære vakter, og arbeid kvar 3 helg. Moglegheit for neste års turnus med lange vakter og arbeid kvar 4 helg.
Me søkjer deg som brenn for å sikra gode tenester til menneske med utviklingshemming. Du er fagleg engasjert, og liker å ta ansvar og arbeide for god kvalitet i tenesta vår i samarbeid med andre.
Arbeidsoppgåver:
- Observasjon, rettleiing, motivering, gjennomføring og evaluering av tiltak tilpassa aktuelle bebuarar
- Omsorg og miljøarbeid i tenesta til den enkelte
- Primær/sekundærkontakt - oppgåver
- Praktiske gjeremål i bustad og andre delegerte oppgåver frå avdelingsleiar.
Kvalifikasjonar:
- Ønskjeleg med fagbrev innan helse eller studentar i helsefag/sjukepleie
- Lang og relevant arbeidserfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
Ønskjeleg med:
- Erfaring med liknande arbeid.
- Sertifikat klasse B.
Personlege eigenskapar:
- Trygg
- Løysingsorientert
- Fleksibel
- Strukturert
Anna:
- Dersom du er under høgare utdanning som sjukepleiarstudent, vernepleiarstudent, legestudent vert du etter lokal avtale løna slik :
- 1. studieår kr 10.000 over sentral garantiløn
- 2. studieår kr 20.000 over sentral garantiløn
- 3. studieår kr 50.000 over sentral garantiløn
- Du må dokumntere kor langt du er komen i studie
Ledig frå 03.03.2026
Vi tilbyr:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- IA-bedrift
- Motiverte og kunnskapsrike kollegaer
- Interessante utfordringar
- Høve til fagleg og personleg utvikling
Kontakt:
Avdelingsleiar Blombakkane Bustader
Daniel Savic Røed
- Tlf: 48 99 18 64
- Epost: Daniel.Roed@oygarden.kommune.no
Øygarden kommune ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre medarbeidarar i størst mogleg grad skal spegla mangfaldet i befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Som IA-verksemd ønskjer kommunen å leggja til rette for arbeidsforholda dersom du har behov for det.
Etter utløpet til søknadsfristen, vert det sett opp ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar, kan verta offentlege sjølv om søkjaren har bede om ikkje å vert ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teken til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451889830
- Sist endret
