Legetenesta har ledig stilling for sjukepleiar
Sunnfjord kommune Legetenesta
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Sunnfjord legetenest har legesenter i Førde, Naustdal, og på Sande og Skei. Alle legesentera har knytt til seg helsesekretærar og sjukepleiarar.
Arbeidet ved legesentera er varierte og utfordrande. Dei aller fleste oppgåvene vert rullert mellom dei ulike medarbeidarane.
Ved Førde Legesenter er det no ledig vikariat i 100 % stilling som autorisert sjukepleiar frå 01.06.2026 - 31.07.2027.
Vi kan også vurdere søkjarar som er helsesekretær eller helsesekretær.
Oppgåvene er varierte og vil omfatte ekspedisjon, laboratorium og behandlingsrom.
Krav til søkar:- norsk autorisasjon som sjukepleiar
- god norsk framstillingsevne, skriftleg og munnleg
Søkjarar som er autorisert helsefagarbeidar eller helsesekretær kan bli vurdert.
Gyldig politiattest må leverast før start i stilling.
Vi ønskjer deg som toler ein variert kvardag, der du må snu deg rundt, og hjelpe til slik at arbeidsoppgåvene ved legesenteret vert utført.
Som del av kollegiet ved legesentra er vi avhengig av at du samarbeider og deler kunnskap og erfaring.
Sjølv om jobben krev fleksibilitet, forventar vi likevel at pasienttryggleiken vert tatt i vare ved nøyaktig arbeid og høg fagleg kvalitet.
Den som vert tilsett vil få god opplæring.
Velkomen som søkar!
Du må søke elektronsisk.
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451888342
- Sist endret