Helsefagarbeidar - 100 % fast
Bjørnafjorden kommune Heimetenester Os
- Frist 05.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Vi har ledig stilling hos Dagsenter Heimetenester Os!
Har du eit hjarta for eldreomsorg, ønsker ein god arbeidsplass og faglege utfordringar? Då kan du vere den rette for oss!
Vi har ledig stilling hos Dagsenter Heimetenester Os med arbeid på dagtid, og håpar du vil søkje!
Arbeidsstad
Heimetenester Os.
Arbeid i Oshaugen og Nyhagen dagsenter, og turgruppe x 1 pr. veke
Arbeidsoppgåver
- Utøva demensomsorg som sikrar kvalitet og at brukarane sine rettar vert teken i vare
- Utøva omsorg for heimebuande eldre som kjem i Oshaugen dagsenter
- Jobbe miljøretta og utføre tillitskapande arbeid med brukarane
- Gjera meiningsfulle aktivitetar saman med brukarane
- Tilbereda måltid som er sunn og næringsrik
- Delta i utarbeiding av gode system og rutinar
- Dokumentera helsehjelp i Profil
- Samarbeide med, og rettleie yrkesgruppar innan eige fagområde
- Samarbeida med brukarar, pårørande, og andre helsetenester
- Ansvarleg for å halda seg fagleg oppdatert
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som helsefagarbeidar
- Utanlandsk utdanning må vere godkjend av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir): https://hkdir.no/utdanning-fra-utlandet
- Førarkort kl. B.
- Søkjarar utanfor Norden må dokumentera bestått " Bergenstest" (test i norsk - på høgare nivå.)
- Det vil vera ein fordel at søkjar har erfaring frå å jobba med demente, og har gjennomført ABC-Demens kurs
Vi gjer merksam på at du må leggja fram politiattest.
Personlege eigenskapar
- Løysningsfokusert
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Like å jobbe tverrfagleg samen med sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, og assistentar
- Ønske om å gjera ein forskjell for både kognitiv friske, og dei som har demens
Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyr
- Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
- God pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
- Løn etter gjeldande avtalar
- Vi arbeidar for å få etablert heiltidskultur i kommunen
Bjørnafjorden kommune er ein arbeidsplass som verdset likestilling og mangfald, der alle tilsette forpliktar seg til prinsippet om likeverd og bidreg til å skapa eit inkluderande arbeidsmiljø. Vi ønskjer eit mangfald av søkjarar og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje, uavhengig av kjønn, alder, funksjonsevne, seksuell orientering, etnisk bakgrunn eller livssyn
Etter utløpt søknadsfrist, vil det bli generert ei offentleg søkjarliste med namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkjar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjar kan bli offentlege sjølv om ein har kryssa av for å bli unnateke. Dersom anmodningen ikkje vert tatt til følgje vil søkjaren bli varsla om det.
Vi vil aldri be søkjar om å oppgi BANK-ID informasjon i søknadsprosessen.
FerdigheterAI-generert
- Bergenstesten
- Demensomsorg
- Dokumentering og registrering av informasjon
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vi er ein nær og varm kommune, noko som gjenspeglar seg i misjonen vår Det gode liv for alle. Som arbeidstakar bidrar du med oppgåver som er viktig for innbyggarane våre og lokalsamfunnet vårt. Du betyr noko, og det du gjer betyr noko!
Vi jobbar med fleire spennande prosjekt, og er alltid på utkikk etter engasjerte folk med hjartet på rette staden. Er det deg?
- Sektor: Offentlig
- Sted: Holen 1, 5200 Os
- Bransje: Helse og omsorg
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Nøkkelord
Helsefagarbeider, Eldreomsorg, Demensomsorg, Dagsenter, Miljøarbeid
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451887236
- Sist endret