
Rådgjevar
Vestland fylkeskommune
- Frist 06.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Rådgjevar/Spesialkonsulent- løyveforvaltning
Vil du vere med å forme mobiliteten i Vestland?
Vestland fylkeskommune har ei sentral rolle i utviklinga av regionen og forvaltar eit breitt spekter av viktige samfunnsoppgåver. Avdeling for mobilitet og kollektivtransport (MOK) har det overordna ansvaret for å utvikle og forvalte eit framtidsretta, miljøvenleg og effektivt mobilitets- og kollektivtilbod for innbyggjarane i Vestland fylke.
Avdelinga har no to ledige faste stillingar, og vi søkjer engasjerte og fagleg sterke medarbeidarar som vil vere med å sikre eit trygt, lovleg og berekraftig drosjetilbod i fylket. Hjå oss får du ein variert arbeidskvardag der jus, samfunnsoppdrag og praktisk forvaltning møtest.
Løyveforvaltning inneber rådgjeving og sakshandsaming for løyve til drosje, buss og båt, samt bidra til gode løysingar i dei kommunane som har utfordringar med drosjetilbodet sitt. Stillingane omfattar både generell og politisk sakshandsaming, samt handtering av førespurnader frå publikum.
Arbeidsoppgåver
Som rådgjevar/spesialkonsulent hos oss vil sentrale arbeidsoppgåver vere blant anna:
- Sakshandsaming innan løyveforvaltning
- Bidra til å utvikle løysingar for kommunar med utfordringar i drosjemarknaden - i tett samarbeid med næringa
- Delta i tilsynsarbeid for å sikre kvalitet og etterleving av regelverk
- Bygge gode relasjonar til eksterne samarbeidspartnarar og handtere førespurnader frå publikum
- Bidra til å utarbeide politiske saker og høyringsuttaler til politiske organ
Kvalifikasjonar
Vi treng deg som har høgare utdanning på masternivå innan administrative fag eller tilsvarande. Kvalifiserte søkjarar utan mastergrad kan også bli vurderte. Då vil stillingstittel bli justert i samsvar med kvalifikasjonar
I tillegg er det fint om du har:
- God digital kompetanse
- God framstillingsevne på norsk både skriftleg og munnleg
- Kjennskap til forvaltningslova og yrkestransportregelverket
- Erfaring med offentleg forvaltning og utøvande mynde
- Erfaring med gjennomføring av tilsyn, gjerne frå offentleg forvaltning
Du treng ikkje kunne alt frå før - vi sikrar god opplæring i regelverk og arbeidsprosessar.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter medarbeidar som kjenner seg igjen i våre verdier som er open, modig og kompetent. I tillegg har vår framtidige nye kollega følgjande personlege eigenskapar:
- Samarbeider godt med andre for å oppnå dei beste løysingane
- Er initiativrik og sjølvstendig
- Evne til å halde deg orientert i fagområde, som er i rask utvikling
- Trivst i eit hektisk miljø
- Systematisk og nøyaktig
Vi tilbyr
Hos oss kjem du inn i eit sterkt engasjert fagmiljø med hyggelege kollegaer. Du vil få ei fagleg utfordrande og spennande stilling, med stor samfunnspåverknad.
I tillegg tilbyr vi:
- Eit engasjert og utviklingsorientert arbeidsmiljø med gode kollegaer
- Moglegheit for fagleg utvikling
- Fleksibel arbeidstidsordning med moglegheit for delvis heimekontor
- Lønn etter avtale
- Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår
- Arbeidsstad Leikanger eller Bergen
FerdigheterAI-generert
- Kjennskap til forvaltningslova
- Offentlig administrasjon og forvaltning
- Offentlig forvaltning
- Regulatory compliance
- Veitransportlovgivning
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: Askedalen 2, 6863 Leikanger
- Bransje: Annet, Konsulent og rådgivning, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Kontor og administrasjon, Kontorarbeid, Rådgivning
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
rådgiver, offentlig forvaltning, saksbehandler, samferdsel, mobilitet
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451881357
- Sist endret