Prosessleiar/lærar Helse- og oppvekstfag
Ørsta vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune
- Frist 15.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Arbeidsoppgåver
- Leie og koordinere teamet rundt enkeltdeltakarar i modulstrukturert vaksenopplæring - helsefagarbeidar.
- Vere nøkkelperson i samarbeidet mellom fylkeskommunen, bedrifter, samarbeidspartar og deltakarar i vaksenopplæring.
- Ha hovudansvaret for vurdering av modular i helsefag i samarbeid med rettleiarar og fagansvarlege i bedriftene.
- Førebu og gjennomføre oppfølgingsmøte med deltakarar og rettleiarar/fagansvarlige i bedriftene.
- Utarbeide opplæringsplan i samarbeid med leiar for VOV (vidaregående opplæring for vaksne).
- Delta i arbeidet med kartlegging av deltakarar og gjennomføre realkompetansevurdering.
- Rettleie og vere rollemodell for deltakarar i reelle pleie -og omsorgssituasjonar ute i praksisfeltet.
- Delta i arbeidet med rekruttering av lærebedrifter/praksisstadar.
- Delta på og bidra i interne og eksterne møter.
- Fagleg oppdatering.
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helsefag.
- Nyare relevant praksis frå pleie- og omsorgsfeltet vert vektlagt.
- Ønskeleg med erfaring frå organisering av opplæring.
- Ønskeleg med administrativ erfaring.
- Erfaring frå arbeid med fleirspråklege og utdanning innanfor minoritetsspråk vert vektlagt.
Personlege eigenskapar
Vi ser føre oss deg som kan bringe fram det beste i kursdeltakarane, både fagleg og sosialt. Du set tydelege forventningar til, og motiverer kursdeltakarane.
Du er raus, genuint opptatt av faget, og er ein tydeleg vaksenperson med godt humør og eit positivt menneskesyn. Du må ha omsorgsevne, og kunne vere ein god rollemodell for kursdeltakarar som skal inn i pleie- og omsorgssektoren. Personlege eigenskapar som god struktur, gode samarbeidsevner, evne til å arbeide sjølvstendig og evne til å bygge relasjonar er viktig for ein prosessleiar.
Vi tilbyr
- Raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre, og yter kollektivt inn i arbeidet.
- Stilling med variasjon mellom arbeidsoppgåver på skulen og ute i omsorgssektoren.
- Å kunne jobbe i ein tverrfagleg organisjon med eit breitt kompetansefelt.
- Vere med i eit team i utvikling som skal bidra til kompetanseheving for enkeltdeltakarar og arbeidsliv.
- Kurs og opplæring etter behov.
- Offentleg tenestepensjon, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring gjennom KLP.
- Løn etter gjeldande avtaleverk.
Kontaktinformasjon
Ester Alnes Osnes, Avdelingsleiar VO, 97100834Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491
Arbeidsstad
Holmegata 146153 ØRSTA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommuneReferansenr.: 5069301553
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451852855
- Sist endret


