Undervisningsstilling i engelsk
Rogaland fylkeskommune
- Frist 28.02.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Undervisningsstilling i vidaregåande skule – bidra til fagleg utvikling og elevane si framtid
Arbeidsoppgåver:
Sauda vidaregåande skule har ledig inntil 40% stilling som faglærar i engelsk. Tilsettinga er eit vikarat gjeldande frå d.d - 31.07.2026.
Vi ser etter deg som har følgjande kvalifikasjonar:
- Relevant fagleg og pedagogisk kompetanse i faga det skal undervisast i
Godkjend politiattest er påkravd ved tilsetjing
Dersom det ikkje er søkjarar som fyller kompetansekrava for tilsetjing, kan andre søkjarar som er i gang med relevant utdanning tilsetjast på vilkår av at utdanninga blir fullført
Me ønskjer og at du:
- er flink på klasseleiing og kommunikasjon med elevar
- likar å samarbeide er god brukar av digitale verktøy
- er inkluderande og har gode kommunikasjonsevner
- bidreg aktivt til eit positivt arbeidsmiljø og fremjar samarbeid
- er strukturert og har god gjennomføringsevne
- er utviklingsorientert og alltid på jakt etter nye måtar å forbetre arbeidsprosessar på
Det blir lagt stor vekt på kor personleg eigna søkarane er.
Hos oss kan du sjå fram til mykje bra, og vi tilbyr:
- utfordrande og spennande oppgåver i eit utviklande fellesskap
- høgt utdanna og trivelege kollegaer i eit tverrfagleg arbeidsmiljø
- ein raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre og bidreg til fellesskapet
- gode faglege utviklingsmoglegheiter offentleg tenestepensjon og forsikringsordningar
- lønn etter gjeldande lov- og avtaleverk
Søknaden din bør innehalde:
- Søknadsbrev
- CV
- Vitnemål (henta frå vitnemålsportalen.no) og attestar
- Dersom du har utdanning frå utlandet: godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir)
Korleis søkje på stillingar hos oss:
Du kan søkje på stillinga gjennom jobbsøkarportalen til Grade Jobbnorge. For å søkje må du ha ein eigen jobbsøkarkonto.
CV skal fyllast ut i det elektroniske CV-skjemaet som er tilgjengeleg i søknaden. Det er mogleg å laste opp vedlegg ved behov.
Sjå gjerne hjelpesenteret for jobbsøkjarar her: Grade Kunnskapsbase - Hjelp for jobbsøkjarar
Vi gjer merksam på at i samsvar med offentleglova § 25, andre ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde sjølv om du har bedt om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du bli varsla før lista blir offentleggjort.
Vi set stor pris på innsatsen du legg i søknaden din, og vi blir veldig glade om du som aktuell søkjar sender inn ein søknad til oss!
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Rogaland fylkeskommune er ein av dei største arbeidsgivarane i fylket, med rundt 4300 tilsette. Vi jobbar saman for eit grønt og attraktivt Rogaland.
Vil du vere med og byggje eit betre Rogaland saman med flinke og engasjerte kollegaer?
Vårt samfunnsoppdrag
Rogaland fylkeskommune står framfor ei spennande tid, prega av både utfordringar og moglegheiter. Gjennom visjonen vår «Saman for eit grønt og attraktivt Rogaland»forpliktar vi oss til å vere ein drivkraft for god samfunnsutvikling i heile fylket. Denne visjonen ligg til grunn for alt vi gjer, og speglar målet vårt om å skape eit Rogaland som er attraktivt for både innbyggjarar og besøkande.
Rogaland fylkeskommune vil mellom anna:
- bidra til utvikling av levande og attraktive byar, sentrum og lokalsamfunn gjennom kompetanse, nettverksbygging, heilskapleg innsikt og gode prosessverktøy
- sikre utdannings- og kompetansemoglegheiter i heile fylket
- bidra til eit kortreist kvardagsliv gjennom samordna areal- og transportplanlegging
- bistå kommunane med å leggje til rette for ei kunnskapsbasert og heilskapleg bustadforsyning som tek omsyn til både effektiv arealbruk og bustadmangfald
- arbeide for gode og trafikksikre løysingar for gåande, syklande og dei som reiser kollektivt
Sauda vidaregåande skule er ein kombinert skule med variert tilbod innan yrkesfaglege og studieførebuande utdanningsprogram. I tillegg har skulen førebuande tilbod for minoritetsspråklege elevar. Skulen har status som regionalt kompetansesenter i Indre Ryfylke og er samstundes eit opplæringssenter innan vidaregåande opplæring for vaksne. Det er om lag 450 elevar og 100 tilsette ved skulen.
Skulen er den einaste vidaregåande skulen i Indre Ryfylke og er lokalisert tre ulike stader i to kommunar. Hovudavdelinga ligg på Lofthus i Sauda kommune. Dei andre ligg på Birkeland i Sauda kommune og Sand i Suldal kommune. Skulen har som mål at alle elevane skal trivast og lukkast med utdanninga og framtidsplanane sine. Skulen kan vise til gode resultat gjennom mange år og har ein kultur prega av engasjement, tillit, høg fagleg kompetanse og samarbeid i heile organisasjonen.
Skulen søker nye og framtidsretta løysingar og tilbod. Fleire spennande nisjetilbod gjer at mange elevar flyttar til Sauda eller Sand på hybel og internat. Me fokuserer på å ta imot tilreisande elevar på ein god måte.
- Sektor: Offentlig
- Sted: Griegs gate 40, 4200 Sauda
- Bransje: Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Annet, Undervisning og pedagogikk
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451801612
- Sist endret