100% fast stilling som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar ved heimebasert omsorg i Lom
Lom Kommune Sentraladministrasjon
- Frist 11.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Pleie- og omsorgsavdelinga i Lom Kommune søkjer etter helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar i 100% fast stilling for tida i heimebasert omsorg, avdeling heimesjukepleie
Hva vi ser etter
Vi ser etter deg som:
-
er offentleg godkjend helsefagarbeidar / omsorgsarbeidar
-
har erfaring frå liknande arbeid
-
har gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
-
har førarkort klasse B
-
har godkjent politiattest av nyare dato
Det er også ynskjeleg med relevant vidareutdanning.
Vidare ynskjer vi at du:
-
er trygg, fleksibel, positiv og motivert
-
er strukturert, målretta, god til å planleggje og prioritere
-
er ansvarsfull, løysingsorientert og beslutningsdyktig
-
evnar godt å arbeide både sjølvstendig og i team
-
har stor interesse for faget, og brenn for fagutvikling
-
har gode kommunikasjonsevner
-
har endringsvilje og er ein lagspelar
-
vil vere med på å skape eit godt og trygt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vektleggast for stillinga.
Arbeidsoppgaver
-
Behandling og oppfølging av pasientar og pårørande, etter gjeldande lovverk, forskrift og kvalitetskrav.
-
Følge rutinar i avdelinga og bidra aktivt til forbetringsarbeid.
-
Sikre god kommunikasjon og samhandling, både internt i avdeling og tverrfagleg.
-
Bruk og utvikling av velferdsteknologi.
-
Nytte journalsystemet Profil / mobil omsorg som eit dagleg arbeidsverktøy til arbeidsplanlegging / utføring av oppgåver, og dokumentasjon etter gjeldande lovverk.
Vi tilbyr
-
100% fast stilling som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar for tida i heimebasert omsorg, avd. heimesjukepleie. Ledig frå dags dato. Oppstart etter nærmare avtale.
-
Arbeidstid etter gjeldande turnus med dag/sein/natt, og arbeid for tida annakvar helg i gjennomsnitt.
-
Eit inkluderande, fagleg aktivt og engasjerande arbeidsmiljø med dyktige kollegaer og god takhøgde.
-
Ein spennande, sjølvstendig og utfordrande jobb med varierte arbeidsoppgåver og med moglegheit til å utvikle eigen arbeidsplass.
-
Tverrfagleg samarbeid.
-
Fagmøtetid i turnus.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451766324
- Sist endret