Hordaland søker journalist
Avisa Hordaland
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Hordaland søker journalist
Jobba med oss? No har du sjansen.
Me har nemleg ledig eit vikariat på fulltid som journalist – ut august 2027.
I ei avis som Hordaland betyr journalisten noko ekstra for lokalsamfunnet. Du skapar innhald som folk snakkar om, fordi du kjem tett på, med kort veg til kjelder og saker. Hos oss får du ein utfordrande kvardag der du får jobba med allslags stoffområde på ulike plattformer.
Moglegheitene til å utvikla seg som journalist er eineståande gode. Her kan ideane dine bløma, og det er rom for å utforska og laga innhald på nye måtar.
Du er førebudd på varierte arbeidsoppgåver, forstår kva som er ei god sak, likar høgt tempo, jobbar sjølvstendig med eigne idear, skriv god nynorsk og har førarkort for bil. Du jobbar frå Voss.
Personlege eigenskapar:
- Sterk motivasjon for å gje lesarane det beste innhaldet
- Evne til å utvikla og formidla innhald som treffer nye målgrupper
- Brenn for journalistikk som opplyser, utviklar og underheld samfunnet
- Trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo og raske val
- Har lyst til å utvikla deg sjølv og andre til det beste for avisa
Vil du vera eit friskt pust i ei av landets beste lokalaviser? Då søker du jobb som journalist hos oss!
Spørsmål om stillinga?
Ta kontakt med nyheitsredaktør Terje Hjartnes på 928 53 896 eller klubbleiar Ørjan Brattetveit på 416 23 262.
Send søknad til terje.hjartnes@amedia.no innan 1. mars.
Elektronisk søknad skal benyttes via "søk på stilling" knappen på siden.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451764203
- Sist endret

