
Veterinær
Mattilsynet
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Veterinær
Vil du bidra til trygg mat frå jord til bord?
Mattilsynet er eit statleg tilsyn og direktorat med eit viktig samfunnsoppdrag: å tryggje framtida for menneske, dyr og natur. Vi er både myndigheitsutøvar, rettleiar og beredskapsaktør.
Som veterinær i Tilsynsdivisjon landdyr og slakteri, avdeling slakteri, seksjon raudt kjøtt vest (kontorstad Ølen og Sandeid), får du ein variert arbeidskvardag der du bruker heile bredda av kompetansen din. Du jobbar med dyrevelferd, dyrehelse og trygg mat frå jord til bord - i eit samfunnsoppdrag som verkeleg betyr noko.
Hos oss blir du ein del av eit engasjert fagmiljø med gode moglegheiter for samarbeid og fagleg utvikling. Trivst du med sjølvleiing, samarbeid og har god rolleforståing, får du her sjansen til å gjere ein forskjell - saman med kollegaer som brenn for faget. Vi har to stillingar ledig.
Arbeidsoppgåver:
- Kjøttkontroll og viltkjøtkontroll
- Kontroll med slakteri og mattryggleik
- Tilsyn med dyrevelferd og dyrehelse
- Sakshandsaming og offentleg forvaltning
- Rettleiing til verksemdene vi fører tilsyn med, og til organisasjonar, andre aktørar og innbyggjarar
- Andre oppgåver kan komme til ved behov
Kvalifikasjonskrav
Du må ha:
- Norsk autorisasjon som veterinær
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Gyldig førarkort klasse B
- Evne til å sette deg inn i Mattilsynets datasystem og å bruke IKT-verktøy
Det er ein fordel om du i tillegg har:
- Erfaring frå offentleg forvaltning
- Erfaring frå forvaltningområda til Mattilsynet
- Godkjenning som offentleg veterinær. Har du ikkje det, får du kurs og opplæring i Mattilsynet
Personlege eigenskapar:
- Du har god rolleforståing og har evne til å foreta gode faglege vurderingar i forvaltninga av regelverket
- Du kan jobbe i team, men også sjølvstendig
- Du er nøyaktig, engasjert og effektiv
- Du er god til å rettleie
- Du kan planlegge, men også tilpasse deg endringar i ein variert og til tider der hektisk kvardag
- Du har gode samarbeidsevner og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
Vi legg vekt på at ein høver i stillinga.
Vi tilbyr:
- To faste stillingar som førsteinspektør (stillingskode 1498) eller seniorinspektør (stillingskode 1499) med lønn etter avtale, avhengig av utdanning, erfaring og kompetanse. Tilsvarande stillingar i Mattilsynet blir lønna frå kr 650 000 til kr 770 000. For særs kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare lønn.
- Eit godt fagmiljø med erfarne og dyktige kollegaer
- Arbeid med eit spennande og viktig samfunnsoppdrag, i ein organisasjon i endring
- Ordna arbeidsforhold og kompensasjon for ulagleg arbeidstid i samsvar med gjeldande regelverk og særavtalar
- Medlemskap i Statens Pensjonskasse med gode pensjons-, låne- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Ta gjerne kontakt med seksjonssjef Gro Eliassen på mobil 95020293, om du har spørsmål om stillingane.
Slik søkjer du
Vi vurderer berre elektroniske søknader. Du lastar opp vitnemål via Vitnemålsportalen. Dette sikrar ein enkel og trygg overføring av dokumenta dine. For meir informasjon om korleis du bruker Vitnemålsportalen, sjå vitnemalsportalen.no. Søkjarar som ikkje har moglegheit til dette, kan leggje ved attestar og vitnemål til søknaden.
Visjonen vår er at vi saman tryggjer framtida for menneske, dyr og natur. For å lykkast med dette er vi i gang med ei omfattande utvikling av organisasjonen, korleis vi jobbar saman og korleis vi utviklar løysingar med vekt på brukarane sine behov. Vi er 1.200 kollegaer med kompetanse på tvers av mange fagfelt, som for eksempel veterinærfaget, næringsmiddelproduksjon, biologi, utvikling, jus og forvaltning. Det gleder oss at vi har stige på omdømmemålingar i offentleg sektor, fordi vi er avhengig av tillit og jobbar hardt for å opplevast som ein hjelpar. Vi er til stades i heile landet og utviklar oss kontinuerleg. Mattilsynet rapporterer til Landbruks- og matdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Nærings- og fiskeridepartementet. Les meir på mattilsynet.no.
Inkludering og mangfald er ein styrke for Mattilsynet. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv slik at vi kan løyse oppgåvene på ein enda betre måte. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en og/eller innvandrarbakgrunn, oppfordrar vi deg til å krysse av for dette når du søkjer jobb hos oss. Vi kallar inn minst éin kvalifisert søkjar i kvar gruppe til intervju. Får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Vi nyttar informasjonen berre til å velje ut riktige kandidatar og til anonymisert statistikk.
FerdigheterAI-generert
- Bruke IKT
- Kvalitetskontroll næringsmiddel
- Veterinærmedisin
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Les mer om oss på våre hjemmesider www.mattilsynet.no
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 2
- Sted: 5580 Ølen
- Bransje: Dyr og dyrehelse, Jordbruk og skogbruk, Matvareproduksjon og -industri
- Stillingsfunksjon: Veterinær og dyrepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451665147
- Sist endret