
Miljøarbeidar til tilrettelagt avdeling
Vestland fylkeskommune
- Frist 09.03.2026
- Ansettelsesform Fast
Miljøarbeidar til tilrettelagt avdeling
Årstad vidaregåande skule er ein av dei største vidaregåande skulane i Bergen. Skulen har eit variert undervisningstilbod med fem yrkesfaglege utdanningsprogram og tilbod for lærlingar. I tillegg tilbyr skulen studieførebuande løp, innføringsklassar for minoritetsspråklege elevar og grupper for tilrettelagd opplæring. Skulen skal vere ein stad der alle elevar finn eit godt læringsmiljø. Sjå meir informasjon om skulen på https://www.arstad.vgs.no/.
Årstad vidaregåande skule har to avdelingar for tilrettelagd opplæring for elevar med særskilde behov. Opplæringa føregår i små grupper, der elevane får individuelt tilrettelagd undervisning etter individuell opplæringsplan (IOP). Den eine avdelinga ligg på hovudskulen til Årstad vgs. på Danmarksplass, medan den andre ligg på Laksevåg i same skulebygg som Laksevåg og Bergen maritime vgs.
Avdelinga vår på Laksevåg skal auke elevtalet, og vi har difor ledig inntil fire faste stillingar som miljøarbeidar. For avdelinga vår på Danmarksplass har vi ledig inntil to faste stillingar. Vi ønskjer oss medarbeidarar som vil vere med og vidareutvikle avdelingane våre, der meistring og lærelyst står sentralt.
Arbeidsoppgåver
- Rettleie og gjennomføre opplæring for elevar som treng tett og heilskapleg oppfølging.
- Bidra til eit tilrettelagt opplæringstilbod basert på elevane sine føresetnader, med fokus på fagleg utvikling, ADL, kommunikasjon, sosialt samspel og trivselsskapande aktivitetar.
- Arbeide ut frå elevane sin individuelle opplæringsplan.
- Delta aktivt i teamet rundt eleven og i avdelinga.
- Bidra i pedagogisk utviklingsarbeid i tråd med skulen si pedagogiske plattform og utviklingsplan.
- Det kan også vere oppgåver knytte til stell.
Kvalifikasjonar
- Det er ønskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar. Andre fagområde kan òg vere relevante.
- Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning.
- Personlege eigenskapar vil bli tillagde stor vekt i denne stillinga.
- Det er ein fordel med erfaring frå arbeid med elevgruppa.
Personlege eigenskapar
- Du har gode samarbeidsevner, godt humør og trivst med å jobbe i team.
- Du likar å vere fysisk aktiv og kan ta i eit tak når det trengst.
- Du kan jobbe sjølvstendig med elevar og gjennomføre planlagde aktivitetar.
- Du har gode kommunikasjons- og relasjonsevner.
- Du er trygg i arbeid med ungdom som kan ha utfordrande åtferd.
Vi tilbyr
- Eit godt fagmiljø med god samarbeidskultur og engasjerte kollegaer.
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med kompetanse frå fleire helse‑ og pedagogiske fagområde.
- Tett samarbeid med faglærarar og andre miljøarbeidarar, samt deltaking i pedagogisk utviklingsarbeid.
- 100 % stilling, der det må påreknast arbeid i delar av skulen sine feriar.
- Løn og lønsutvikling i tråd med lønnspolitikken til Vestland fylkeskommune.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Andre opplysningar:
- Den som blir tilsett må leggje fram politiattest
FerdigheterAI-generert
- Barne- og ungdomsarbeiderfag (AMO)
- Yrkeskompetanse som gir fag- eller svennebrev
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 4
- Sted: Gravdalsrinden 47, 5165 Laksevåg
- Bransje: Barn, skole og undervisning
- Stillingsfunksjon: Barne- og ungdomsarbeider, Skoleassistent
- Arbeidsspråk: Norsk
Nøkkelord
miljøarbeidar, barne- og ungdomsarbeidar
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451659917
- Sist endret

