Tilkallingsvikar Trollsletta Barnehage
Trollsletta Barnehage
- Frist Snarest
Trollsletta Barnehage, Volda
Tilkallingsvikar barnehageåret 2024/25
Trollsletta barnehage er ein privat foreldreeigd barnehage med aldersgruppe frå 1-6 år. I delar av dagen deler vi inn borna etter alder og jobber ut frå tema. Barnehagen vart etablert i 1986 og har sidan starten hatt fokus på å gi born eit mangfald av gode opplevingar knytt til natur, tur og friluftsliv. Sentralt i vår filosofi er tette relasjonar mellom vaksne og born og aktiv bruk av praktiske kvardagssituasjonar som base for god læring.
Har du lyst til å jobbe i ein tradisjonsrik liten barnehage i Volda kan vi tilby:
• 21 barn frå 1 - 6 år
• Mykje godt uteliv i vær og vind
Dine kvalifikasjonar:
• Erfaring fra jobb i barnehage er ynskjeleg
• Ta ei regnbyge eller to med godt humør
• Personlege eigenskaper vert vektlagt
Ønska oppstart snarlig.
Søknad med CV sendast til: Trollsletta barnehage,Kårstadvegen 16, 6103 Volda eller epost: styrer@trollsletta.no.
Stillinga har krav om godkjent politiattest.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451640471
- Sist endret



