Faste stillingar som helsefagarbeidar i nyoppretta burettslag
Alver kommune
- Frist 28.02.2026
- Ansettelsesform Fast
Ønskjer du å arbeide i nyoppstarta bufellesskap?
Nyoppretta burettslag
Me søkjer etter ein engasjert helsefagarbeidarar til eit nytt bufellesskap med planlagd oppstart april 2026.
Som tilsett vil du få ein unik moglegheit til å vera med frå starten av eit nytt tiltak, og aktivt bidra til å forma arbeidsmiljø, faglege rutinar og tenestetilbodet for tenestemottakarane. Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å vera med og byggja gode, trygge og framtidsretta tenester. Burettslaget er lokalisert på Frekhaug. Førebels lyses det ut 3 stillingar med ulik storleik for helsefagarbeidarar. Det må bereknast arbeid i seinvakter og langvakter kvar fjerde helg.
Burettslaget skal vera heimen til 8 vaksne personar med ulike behov for bistand og oppfølging. Tenestene er individuelt tilpassa og byggjer på prinsipp om brukarmedverknad, tryggleik, respekt og verdigheit. Som helsefararbeidar vil du vera ein viktig del av det daglege tenestetilbodet og bidra til å skapa tryggleik, struktur og gode kvardagar for tenestemottakarane.
Arbeidsoppgåver
- Praktisk bistand og oppfølging i dagleglivets gjeremål
- Delta i miljøarbeid og gjennomføring av tiltak
- Samarbeid med vernepleiarar og anna fagpersonell
- Observasjon, dokumentasjon og rapportering
Om stillingane
Me søkjer engasjerte og motiverte kollegaer som ønskjer å ta del i vår nyoppretta burettslag.
Du må trivast med å arbeida strukturert og variert, samt ha evne til å halde hovudet kaldt og vere løysingsorientert når det oppstår uforutsette situasjonar. Me søkjer deg som likar ansvar, er fagleg engasjert og tek utfordringar på strak arm. Saman har me som mål å levere gode tenester til tenestebrukerne og skape ein god arbeidsplass.
Oppstart på stillingane er er etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Helsehjelp og praktisk bistand etter gjeldande rutiner
- Tilsyn, ledsage til aktivitetar og gjeremål
- Helse og omsorgstenester til personar med nedsett funksjonsevne.
- Dokumentere i journalsystem.
- Medikamenthandtering
- Følgje opp vedtak etter helse og omsorgslova kap.9
- Samarbeide med aktuelle samarbeidspartnarar.
Krav til stillinga vil vere:
- Offentleg godkjend helsefagarbeidar/ hjelpepleiar.
- God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne.
- Sertifikat klasse B.
- Det er ynskjeleg at du har erfaring frå arbeid i bufellesskap
- Politiattest må leggjast fram før tiltreding, jf. Helse- og omsorgstenestelova § 5-4.
Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som er trygg, roleg og engasjert
Kven er du?
Du er ein fagleg trygg og engasjert helsefagarbeider med gode evne til å møte tenestemottakarane med respekt, varme og struktur. Du har erfaring med å jobbe med menneske som har autisme, funksjonsvariasjonar, ulikt bistandsbehov, åtferd som utfordrar - og du trivst med å vere ein viktig fagperson i kvardagen deira. Du må ha evne til å stå stødig i krevjande situasjonar og bidra til ro og tryggleik med høg etisk- og fagleg refleksjons evne .
Du er løysningsorientert, initativrik og har auge for å få jobben gjort og sjå kva som trengs å gjerast. Du kan jobbe sjølvstendig, men også i eit samarbeid. Du er ikkje redd for å by på deg sjølv og bidrar til eit godt arbeidsmiljø. Du har stor omstillingsevne og kan tilpasse deg endringar i brukargruppe, oppgåver og personalgruppa.
Personleg eignaheit vert vektlagt - me ser etter deg som har hjartet på rett stad og ønskjer å gjere ein forskjell!
Me ønskjer eit mangfald i personalgruppa og oppmodar menn til å søkje.
Me tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til fleire!
- Årsturnus
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- Eigen avlønning for studentar innan vernepleie, sjukepleie og medisin
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
- Løn i samsvar med lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar i KLP
- Gratis parkering
Me er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. I Habiliteringstenesta arbeider me med vår digitale kompetanse, og nyttar teams i vår informasjonsflyt. Bidrag til å løysa arbeidsoppgåver med ny teknologi eller anna vert godt motteke.
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Om Alver Kommune
Alver kommune - Ein spennande organisasjon for engasjerte og kompetente medarbeidarar!
Velkomen til Alver kommune, ein kommune som har vakse til å bli ein av dei største kommunane i fylket. Med om lag 30 000 innbyggjarar og 2 700 dedikerte tilsette, har vi eit sterkt samfunn som søkjer å løyse utfordringar og utvikle seg vidare.
Vår plassering nord for Bergen gir oss privilegiet av ei variert og fascinerande natur. Frå rolege fjordar og opne havområde til majestetiske fjell og lokale toppar, byr Alver kommune på ei rekkje utandørs opplevingar. Vi er også stolte av å huse verdas beste korps og vere vertskap for eit rikt kulturliv.
Vi verdset meiningsfulle oppgåver og ser på kvar einaste medarbeidar som ein verdifull bidragsytar til vårt viktige samfunnsoppdrag. Som ein del av vårt team vil du få moglegheita til å engasjere deg og bruke din kompetanse til å forme framtida til vår kommune. Vi legg vekt på å skape eit arbeidsmiljø der du kan bløme og utvikle deg. Alver kommune har heiltidskultur som satsingsområde i heile organisasjonen.
Vi ser fram til å ønskje deg velkommen og gi deg ei meiningsfull og givande karriere hos oss.
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede
FerdigheterAI-generert
- Arbeid etter helse - og omsorgstjenesteloven
- Dokumentasjon
- Dokumentering og registrering av informasjon
- Medisinsk hjelp
- Observere helsetjenestebrukere
- Pleie og omsorgsarbeid
- Rapportering
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Habiliteringstenester i Alver kommune gjev tenester til personar med nedsett funksjonevne/utviklingshemming. Tenestene vert gitt i den einskilde sin heim, ved arbeids- og aktivitetsenter, og som ulike former for avlasting for familiar med born/unge med omfattande behov for omsorg.
Inn under habiliteringstenestene finn ein også koordinatorar for Individuell Plan.
- Sektor: Offentlig
- Antall stillinger: 3
- Sted: Mjåtveitstø 12, 5918 Frekhaug
- Bransje: Helse og omsorg, Offentlig administrasjon
- Stillingsfunksjon: Helsefagarbeider/hjelpepleier
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451615551
- Sist endret

