Sommarjobb i Voss herad
Voss herad Sommarjobb, felleslysing oppvekst og helse og omsorg
- Frist 20.3.2026
- Ansettelsesform Sommer/Sesong
Sommarjobb i Voss herad?
Voss herad vil i sommar gje tilbod om sommarjobb for ungdom mellom 15 og 18 år.
Denne satsinga kjem som svar på innspel frå Ungdomsrådet, og Voss herad vil gjennom eit samarbeid mellom fleire kommunalavdelingar, gje ungdom moglegheit for arbeid i sommar.
Det vert lagt til rette for at me tilset ungdommar i fleire tenesteområde; i omsorgsbustadar/sjukeheimane, barnehagane, SFO og kulturhuset. Oppstart er rett etter skuleslutt og med varigheit på 3 veker. Arbeidstida er omlag 6 timar per dag.
1.Sommarjobb i helse og omsorg
Helse og omsorg er ein spanande, trygg og allsidig arbeidsplass. Me kan tilby 20 stillingar i 3 veker i perioden veke 26-33.
Er du mellom 15-18 år kan me i sommar tilby deg jobb som servicevert i våre sjukeheimar og omsorgsbustader. Her bur det eldre og menneske med funksjonsvariasjonar.
Me ynskjer deg som er pliktoppfyllande, blid og motivert og har lyst til å bidra til ein god dag for bebuarane i sjukeheim og omsorgsbustader.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:
- Skapa hygge og aktivitet, lesa avisa, gå tur, syngja og spela, om du kan, eller spela spel og finna på andre kjekke aktivitetar med bebuarane.
- Hjelpa personar i måltid
- Kjøkkenarbeid som å laga frukost, rydda og vaska opp
- Fylla på varer frå lager
- Aktuelle arbeidsplassar er: Voss sjukeheim, Vossestrand omsorgstun, Vetleflaten omsorgssenter, omsorgsbustader, Granvin sjukeheim.
- Sommarjobben varer i 3 veker mellom veke 26-33, arbeidstid er 6 timar på kvardagar.
2. Sommarjobb i barnehage
Er du glad i å leika, har godt humør, er kreativ, likar å vera saman med små barn og er mellom 15-18 år? Då kan du søkja sommarjobb i vossabarnehagen.
Arbeidsoppgåver vil mellom anna vera:
- Å vera ein god leikekamerat.
- Å vera med i ulike aktivitetar som å gå på tur, spela fotball, teikna, mala, bygga Lego, perla, spela spel, leike gøymsel og andre viktige aktivitetar.
- Å hjelpa til med daglege gjeremål som måltid, påkleding og liknande.
Er du interessert og motivert til å jobba som sommarvikar i barnehage, høyrer me gjerne frå deg. Arbeidstida vil vera frå kl. 9.00 til kl. 15.00, og me treng deg frå 23. juni til 12. juli., veke 26, 27 og 28 (alle kommunale barnehagar har sommarstengt i veke 29 og 30).
3. Sommarjobb i skulefritidsordninga
Har du lyst på ein kjekk og leiken jobb i sommar? Då har me ledige sommarjobbar i sommaropen SFO i vossaskulen.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vera:
- Å vera ein god leikekamerat som likar å leika og å finna på kjekke aktivitetar saman med barna og dei andre vaksne. Her skal det vera godt å vera!
- Hjelpa til med daglege arbeidsoppgåver, som t.d. måltid.
Er du mellom 15 -18 år, og interessert og motivert til å jobba som sommarvikar i SFO, høyrer me gjerne frå deg! Arbeidstida er seks timar kvar dag, frå kl. 09.00 til kl. 15.00.
Sommaren 2026, er det SFO på Vangen skule. Sommarjobben er i vekene 26, 31 og 32, då SFO er stengt heile juli.
4. Ungdomsavdelinga, Kultur og fritid
I Voss herad har ungdomsavdelinga ansvar for å tilby gode fritidstilbod til ungdom heile året. Det viktig at ungdomane sjølve er med på å utvikla fritidstilbodet i Voss herad.
Sommarjobben er i vekene 26, 31 og 32.
Arbeidsoppgåver:
- Vera med å jobba på ulike ferieaktivitetar for ungdom.
- Hjelpa heradet med å vidareutvikla fritidsaktivitetar og møteplassar for ungdom.
- Hjelpa til med oppgåver i kinoen, på kulturhuset og i ungdomshuset.
Søknad
- Skriv litt om deg sjølv, kva interesser du har og kvifor du ynskjer sommarjobb.
- Du må skriva kva veker du ynskjer å arbeida i helse og omsorg og kultur. Innanfor oppvekst er det bestemt kva veker som er aktuelle.
- Du må skriva prioritert rekkefølge på kva tenesteområde du ynskjer å arbeida innan; helse og omsorg, barnehage, SFO eller kultur.
- Om du ynskjer ein spesiell institusjon eller barnehage, skriv du det i søknaden.
Du vil få svar på e-post
Link til søknadsskjema: Søk her
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451610708
- Sist endret
