Mekaniker
Autohuset Sogn AS
- Frist Snarest
- Ansettelsesform Fast
Autohuset Sogn søker ny heiltidstilsett til vår verkstedavdeling!
Autohuset Sogn søker mekanikar/teknikar – bli med i eit komplett bilhus i vekst!
Autohuset Sogn er eit komplett bilhus med sal av bruktbilar, bilpleie, moderne verkstad og eiga motorsykkelavdeling – alt samla under eitt tak i Sogndal sentrum. Som medlem av Mekonomen-kjeda tilbyr me eit breitt spekter av tenester for alle kundar, uansett bilmerke.
Me er stolte over å vere ein solid aktør i bilbransjen i Sogn, med årleg omsetnad på over 100 millionar kroner. No søkjer me ein dyktig og engasjert mekanikar som vil vere med å utvikle Autohuset vidare.
Kven er du?
Du har teknisk innsikt og trivst med å finne gode løysingar. Du er kvalitetsbevist, har sans for nøyaktig arbeid, og ønskjer å bidra til at kundane våre får trygge og driftssikre køyretøy.
Kvifor jobbe hjå oss?
Me tilbyr ein trygg og variert arbeidsplass der du får jobbe med alle typar bilar. Alt frå slitne kvardagsheltar til eksklusive sportsbilar.
Dine arbeidsoppgåver:
Service og reparasjon av bilar – både el, hybrid og fossildrivne
Feilsøking og diagnosearbeid
Montering og utskifting av komponentar
Arbeid på motorsyklar ved behov (opplæring vert gitt om nødvendig)
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
Fagbrev som bilmekanikar (lette køyretøy) – relevant erfaring kan kompansere
Erfaring frå bilverkstad
Førarkort klasse B
Du arbeider strukturert, sjølvstendig og har god samarbeidsevne
Interesse for bilfaget og utviklinga i bransjen
PKK-godkjenning (ein fordel, men ikkje eit krav)
Me tilbyr deg:
Fast stilling i eit framtidsretta bilhus med høge ambisjonar
Varierte arbeidsdagar i eit triveleg og kompetent fagmiljø
Moderne lokale og godt utstyrt verkstad
Gode lønsbetingelsar, moglegheit for bonus
Moglegheit for fagleg utvikling og kurs gjennom kjedens kompetansesenter
Om Autohuset Sogn:
Autohuset Sogn vart etablert i 2022. Me held til i Sogndal og har heile bilopplevinga samla på ein stad: bruktbilutsal, eige bilpleiesenter, autorisert bilverkstad og motorsykkelavdeling. Me har sterk lokal forankring og eit godt rykte – og me er i stadig utvikling. Hjå oss vert du del av eit engasjert team som brenn for gode kundeopplevingar og kvalitet i arbeidet.
Ferdigheter
- Bilreparasjoner
- Bilverksted
- Diagnostikk
- Montering av mekaniske komponenter
JobbMatch
BetaEr du kvalifisert for jobben?
Nysgjerrig på om du kvalifiserer til denne jobben? Med JobbMatch får du umiddelbar tilbakemelding på hvor godt din profil matcher stillingsutlysningen.
Om arbeidsgiveren
Autohuset Sogn vart etablert i 2022. Me held til i Sogndal og har heile bilopplevinga samla på ein stad: bruktbilutsal, eige bilpleiesenter, autorisert bilverkstad og motorsykkelavdeling. Me har sterk lokal forankring og eit godt rykte – og me er i stadig utvikling. Hjå oss vert du del av eit engasjert team som brenn for gode kundeopplevingar og kvalitet i arbeidet.
- Sektor: Privat
- Sted: granden 23, 6856 Sogndal
- Bransje: Bil, kjøretøy og verksted
- Stillingsfunksjon: Mekaniker
- Arbeidsspråk: Norsk, Engelsk
Nøkkelord
mekanikar, teknikar, bilverkstad, reparasjon, feilsøking
(1/2)
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451608007
- Sist endret

