ID 2427 Helgestilling team Hystad - Eining for habilitering
Stord kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Eining for habilitering treng ein ny kollega i helgestilling i eitt av omsorgsteama våre. Me ser etter deg som er motivert for og likar å arbeide med menneske som treng litt ekstra hjelp i kvardagen.
Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. Denne stillinga er på helg, der arbeidsoppgåver omfattar medisinsk oppfølging, pleie og omsorg.
Det er ledig 15 % fast stilling på helg, frå 01.03.25. Avdelinga har årsturnus, og ledig stilling har arbeid i snitt kvar tredje helg.
Arbeids- og ansvarsområde:
-
Ansvar for oppfølging av alle behov tenestemottakar har i høve medisinsk oppfølging og alle aktivitetar i dagleglivet.
-
Legemiddelhandtering
-
Dokumentasjon gjennom fagsystem
Kvalifikasjonskrav:
-
Det er ønskjeleg med helsefagleg utdanning eller erfaring frå liknande arbeid. Stillinga er godt eigna for studentar eller elevar innan helsefag.
-
Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
-
Godkjent politiattest av nyare dato, ikkje eldre enn 3 mnd
Personlege eigenskapar blir vektlagt
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Stord kommune har bonusavtalar for sjukepleiar- og vernepleiarstudentar
Kontaktperson: Avdelingsleiar Elisabeth Litlehamar, tlf 924 25 522 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451487857
- Sist endret
