ID 2426 Helsefagarbeidar natt i omsorgsteam - Eining for habilitering
Stord kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Eining for habilitering treng ein ny kollega med helsefagleg utdanning i eitt av omsorgsteama våre og ser etter deg som likar å arbeide på natt, er motivert, har brukarfokus og er trygg i arbeidet ditt.
Du blir ein del av eit omsorgsteam rundt ei ung dame busett på Stord, der ein gjev personretta tenester gjennom døgnet. Denne stillinga er på natt, der arbeidsoppgåver omfattar medisinsk oppfølging, pleie og omsorg.
Det er ledig 85 % fast stilling for autorisert helsefagarbeidar på natt, frå 01.11.25. Avdelinga har årsturnus, og ledig stilling har arbeid i snitt kvar tredje helg.
Det er mogleg å få større stilling gjennom kveldsvakter eller nattevakter i Eining for habilitering sin ressursstab. Dette inneber vakter i andre avdelingar, og vert fordelt etter behov.
Arbeids- og ansvarsområde:
-
Ansvar for oppfølging av alle behov tenestemottakar har på natt i høve medisinsk oppfølging og omsorgsoppgåver
-
Legemiddelhandtering
-
Dokumentasjon gjennom fagsystem
Kvalifikasjonskrav:
-
Autorisert helsefagarbeidar. Assistentar eller barne- og ungdomsarbeidarar med relevant erfaring kan og bli vurdert til stillinga.
-
Beherskar godt norsk, både munnleg og skriftleg
-
Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Avdelingsleiar Elisabeth Litlehamar, tlf 924 25 522 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 975 52 097
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451487409
- Sist endret
