ID 2425 Barnehagelærar - Skogatufto barnehage
Stord kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Skogatufto barnehage er ein kommunal barnehage som ligg i sentrumsnære omgjevnadar. Frå barnehagen er det kort veg til naturområde med skog, vatn og sjø. Psykologisk tryggleik og arbeidsglede blant våre medarbeidarar som rammer for eit trygt og inkluderande barnehagemiljø, er av stor tyding for oss.
Skogatufto barnehage har ledig 80% vikariat som barnehagelærar i perioden 01.04.26 - 14.08.26
Barnehagen søkjer deg som er god på å hoppe inn i det etablerte og samstundes evner å vere konstruktiv og nytenkjande. Motivasjonen din kjem innanifrå og du fin glede i å ha innhaldsrike og varierte dagar.
Å omsetja planar til handling og å ha barna med som aktive aktørar i sin eigen barnehagekvardag, er evner du har. Ved å spele på lag med dine medarbeidarar bidreg du til, og forventar du, kvalitet og eit konstruktivt miljø til beste for barn, føresette og andre.
Ansvar og oppgåver
-
medansvar for utøving av pedagogiske arbeid, med godt fagleg skjønn
-
planlegge, dokumentere, vurdere og utvikle arbeid i høve barnegruppe eller det område, i samarbeid med pedagogisk leiar
-
fagleg rettleiing av øvrig personale
-
foreldresamarbeid
Kvalifikasjonskrav:
-
Søkjar må ha utdanning som barnehagelærar, eller anna høgskuleutdanning som gjev barnehagefagleg og pedagogisk kompetanse.
-
Ved tilsetjing må politiattest føreliggja.
-
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Me kan tilby:
-
Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
-
Godt arbeidsmiljø
-
Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
-
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
-
Offentleg tenestepensjon
Kontaktperson: Einingsleiar Hildebjørg Røssberg, tlf 53403380 / 97552185
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451467788
- Sist endret


