PEDAGOG/KYRKJELYDSARBEIDAR
Volda Kyrkjelege Fellesråd
- Frist 16.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Vil du vere med på å løfte barne- og ungdomsarbeidet til Den norske kyrkja i Volda?
Vi søkjer etter ein pedagog/kyrkjelydsarbeidar som kan vere med på å drive og vidareutvikle Kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) i Volda fellesrådsområde (Volda kommune). Stillinga inngår i undervisningsteamet saman med kateket og ein medarbeidar i deltidsstilling. Kateketen er leiar for undervisningsarbeidet og teamet.
Vi søkjer primært etter ein pedagog, men vil også vurdere søkjarar med anna relevant utdanning og praksis.
Du vil ha Volda fellesrådsområde (Volda kommune) som tenesteområde og fast kontorarbeidsplass ved Volda kyrkjekontor saman med resten av staben. Kyrkjekontoret ligg i godt utstyrte lokale, like ved Volda kyrkje.
Aktuelle arbeidsoppgåver:
-
Undervisningsarbeid for barn/ungdom 0-18 år
-
Konfirmantarbeidet
-
Samarbeidet kyrkje - skule/barnehage
-
Vidareutvikling og revisjon av kyrkjeleg undervisning og læring (KUL) for alle sokna.
-
Rekruttering og oppfølging av frivillige medarbeidarar og leiarar
-
Deltaking i utvalet for Kyrkjeleg undervisning og læring
Vi ser etter deg som har:
-
Relevant høgare utdanning med vekt på kristendom/teologi og pedagogikk
-
Erfaring frå og interesse for arbeid med barn og ungdom, og leirarbeid
-
Erfaring frå frivillig kyrkjeleg arbeid
-
Evne til å skape gode relasjonar, samarbeid og teamtenking
-
Evne til å arbeide sjølvstendig og målretta
-
Evne til å koordinere mange og ulike oppgåver på same tid
-
Skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne
-
Grunnleggande datakunnskap
Er du den vi leitar etter?
Vi kan tilby:
-
Godt stabsfellesskap
-
Kontorarbeidsplass på Volda kyrkjekontor, like ved Volda kyrkje
-
Løn etter avtaleverket på kyrkjeleg sektor og pensjonsordning i KLP
-
Ein fleksibel arbeidskvardag med gode ordningar for avspasering.
For å kunne utføre arbeidsoppgåvene i heile tenesteområdet må søkjaren ha førarkort og disponere bil. Ein må rekne med noko arbeid på kveldstid og i helger. Den som vert tilsett må vere medlem av Den norske kyrkja. Tilsetjinga skjer i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for kyrkjeleg sektor. Politiattest skal ligge føre før tilsetting. Vi nyttar intervju som ein del av vurderinga av søkjarane.
Lurer du på noko, eller ynskjer du fleire opplysningar?
Ta gjerne kontakt med:
-
Kyrkjeverje Jostein Stråbø
tlf. 91663549
epost: JS478@kyrkja.no
-
Katetet(kyrkjelydspedagog) Martine Hjertvik Urke
tlf. 90897340
epost: MU894@kirken.no
Sjå òg heimesida vår www.volda.kyrkja.no
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål/attester og referansar vert sendt elektronisk via www.kirkejobb.no innan den 16. mars 2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451452380
- Sist endret
