Rettleiar ungdom og unge vaksne
Nav Bergen sør
- Frist 25.2.2026
- Ansettelsesform Engasjement
Vil du bidra til at personar som er arbeidsledige, er sjuke eller har nedsatt arbeidsevne kjem seg i arbeid? Trur du at dei fleste, sjølv med fysiske eller psykiske utfordringar, kan stå i ordinært arbeid? Ønskjer du å jobbe med eit viktig samfunnsoppdrag? Då kan dette vere jobben for deg!
Vi har no ledig ei mellombels stilling i Ungdomsteamet Nav Bergen Sør.
Her får du jobbe med oppfølging av unge brukarar og vere ein viktig del av eit kontor som har høge ambisjonar for kvalitet og resultat. Vi jobbar etter prinsippet om kontinuerleg forbetring for å gje brukarane våre best mogleg støtte og nye moglegheiter. Nav sitt mål er at flest mogleg skal vere i ordinært lønna arbeid eller anna aktivitet, og at færre skal vere avhengig av økonomisk stønad frå Nav. Gjennom vår innsats og kompetanse skal fleire få høve til å vere i arbeid, delta i samfunnet og vere sikra inntekt.
I perioden 2025–2028 skal sju kontor i Noreg prøve ut Ungdomsprogrammet, som er ei ny satsing frå regjeringa for å hjelpe fleire unge arbeidssøkjarar ut i utdanning og arbeid. Nav Bergen Sør er eit av dei kontora som testar ut Ungdomsprogrammet.
Nav Bergen Sør er eit av fire bydelskontor i Bergen. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Vi er til saman om lag 95 tilsette, 45 er statleg tilsette. Ungdomsteamet har 18 engasjerte medarbeidare.
Kva går jobben ut på?
- kartleggje ressursar og motivere for arbeid, utdanning og aktivitet
- følgje opp brukarar gjennom samtalar, samarbeidsmøte og digital kommunikasjon
- rettleie både enkeltpersonar og grupper av ungdom
- bidra til at brukarar får brukt kompetansen sin og kjem raskt ut i arbeid
- samarbeide tett med arbeidsgivarar, helsepersonell, fylkeskommunen, tiltaksbedrifter og andre samarbeidspartnarar
- sakshandsame etter relevant lovverk innan Nav sitt ansvarsområde
Det må reknast med endringar i arbeidsoppgåver.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Du må ha
- utdanning på minimum bachelornivå. Sosialfagleg, samfunnsfagleg, juridisk, pedagogisk eller helsefagleg utdanning er ein fordel. Relevant utdanning og/eller arbeidserfaring kan kompensere for utdanningskravet.
- vera flink til å bruke digitale verktøy i arbeidet, og ha kjennskap til Office 365
- god rettleiingskompetanse eller erfaring med direkte kontakt med menneske i ulike livsfasar
- god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
Det er ein fordel om du har
- erfaring med å rettleie og motivere ungdom mot arbeid eller utdanning.
- erfaring frå rettleiing i større grupper
- kunnskap om utdanningstilbod og arbeidsmarknaden
- erfaring med å avklare behov og støtte brukarar på vegen mot arbeid eller utdanning.
- erfaring frå å jobbe i samarbeid med andre, til dømes gjennom nettverk
- kunnskap om, eller erfaring frå arbeid med psykiske helseutfordringar
Kva ser vi etter hos deg?
- byggjer tillit og gode relasjonar til ulike menneske
- kommuniserer tydeleg og motiverer til endring
- arbeider strukturert og handterer ein variert kvardag
- er fleksibel, løysingsorientert og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
Kvifor velje oss?
- dette er ein melombels stilling fram til 28.02.2027.
- moglegheit til å gjere ein forskjell i ein organisasjon med eit særs viktig samfunnsoppdrag
- ein spennande jobb i eit innovativt arbeidsmiljø, prega av kompetanse og marknadsorientert innstilling
- opplæring, kurs og kompetanseheving
- aktive, engasjerte og inkluderande kollegaer i eit godt og utviklingsorientert arbeidsmiljø
- velferdsgode som fleksibel arbeidstid og høve til trening i arbeidstida
- statleg tilsetting i stillingskode 1434 Rådgiver med lønsspenn frå kr. 622 000,- til kr. 660 000,- per år. For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.
- god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse
Kontaktinformasjon
Susanne Wærn van Hoek, Avdelingsleiar, 48209642, susanne.wern.van.hoek@nav.noArbeidssted
Kokstadflaten 405257 Kokstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5078726039
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Startdato: 16.03.2026
Sluttdato: 28.02.2027
Søknadsfrist: 25.02.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451443773
- Sist endret
