Fagarbeidarar - Fast og vikariat
Åmot skule, Vinje kommune
- Frist 1.3.2026
- Ansettelsesform Fast
Åmot skule ligg sentralt i Åmot, i Vinje kommune. Me er ein 1-10 skule med om lag 160 elevar.
Me søkjer etter engasjerte og dyktige fagarbeidarar til fast stilling og vikariat for skuleåret 2026/27. Me ser etter deg som brenn for å vera med på å gje elevane på skulen undervisning, trivsel og utvikling – og som vil vere med og skape ein skule der både elevar og tilsette kjenner seg sett, støtta og inspirerte. Åmot skule er ein inkluderande 1.–10.-skule med høge ambisjonar for både fagleg og sosial utvikling. Me har eit sterkt fagmiljø, godt samarbeid i personalet og eit aktivt skulemiljø med fokus på livsmeistring og praktisk læring.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Velkomen som søkjar.
Arbeidsoppgåver
- Vere ein trygg vaksen som byggjer gode relasjonar og fremjar trivsel og læring
- Arbeide målretta med elevar som treng ekstra støtte, både fagleg og sosialt
- Delta i arbeid knytt til individuell oppfølging, inkludert før- og etterarbeid til undervisning
- Bidra til ro, struktur og kvalitet i læringsmiljøet
- Støtte elevar i overgangssituasjonar og friminutt ved behov
- Vere med på både førebygging og handtering av utfordrande situasjonar
- Samarbeide tett med lærarar, miljøterapeutar og andre fagarbeidarar
- Bidra i SFO før og etter skuletid
- Utføre praktiske oppgåver som høyrer til skule- og SFO‑drifta
- Dokumentere relevant arbeid etter behov og i tråd med interne rutina
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Anna relevant fagbrev, eller erfaring frå arbeid med barn og unge, kan bli vurdert
- Erfaring frå skule, barnehage, SFO eller liknande er ein fordel
- Kompetanse i arbeid med barn som treng ekstra støtte fagleg eller sosialt
- God digital kompetanse og evne til å ta i bruk digitale verktøy i skulekvardagen
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
- Trygg og varm i møte med elevar, og god på å skape relasjonar
- Tålmodig, støttande og positiv, også i utfordrande situasjonar
- Fleksibel og løysingsorientert i ein kvardag som kan endre seg raskt
- Gode samarbeidsevner – jobbar godt saman med lærarar, miljøpersonale og andre vaksne
- Evne til å vere tydeleg og roleg i situasjonar som krev struktur eller grensesetjing
- Ansvarsbevisst og påliteleg, med evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Kan bidra aktivt til eit godt læringsmiljø og eit inkluderande fellesskap
- Er lærevillig og utviklingsorientert, og ynskjer å bidra i skulen si faglege utvikling
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Me tilbyr
- Gode løn-, forsikrings- og pensjonsordningar
- Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
- Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §17-11. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månader og skal ikkje leverast med søknaden.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Lever kopi av vitnemål og attestar i samband med intervjuet.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Kontaktinformasjon
Rune Sudbø Tveito, VerksemdsleiarArbeidsstad
Raulandsvegen 583890 Vinje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vinje kommuneReferansenr.: 5079494851
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 01.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451380966
- Sist endret
