Tilkallingsvikar for barnehagane
Treungen barnehage, Fjone barnehage, Kyrkjebygda barnehage - Nissedal kommune
- Frist 4.3.2026
- Ansettelsesform Vikariat
Eining for oppvekst og kultur søkjer etter engasjerte og fleksible tilkallingsvikarar til barnehagane våre:
- Kyrkjebygda oppvekstsenter, avdeling barnehage
- Treungen barnehage
- Fjone barnehage
Som vikar hjå oss får du ein meiningsfull og variert arbeidskvardag saman med barn og dyktige kollegaer. Dette er ei fin moglegheit for deg som ønskjer erfaring frå barnehage, eller som vil bidra når det trengst.
Ta direkte kontakt med barnehagane dersom du er interessert, eller send inn ein søknad (skriv kor du vil vere tilkallingsvikar). Det er løpande tilsetting som tilkallingsvikar.
Arbeidsoppgåver
- Delta i det daglege arbeidet i barnegruppene
- Bidra til leik, læring og omsorg
- Vere ein trygg og tilgjengeleg vaksen for barna
- Samarbeide med kollegaer og føresette
- Følgje rutinar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men ikkje eit krav
- Politiattest må leggjast fram før oppstart
- Fagbrev er ein fordel, men ikkje eit krav
Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg vektlegges
Personlege eigenskapar
- Er positiv, omsorgsfull og til stades i møte med barn
- Har evne til å jobbe både sjølvstendig og i team
- Er fleksibel og kan stille på kort varsel
- Har god arbeidsmoral og tek ansvar
- Har lyst til å bidra til ein trygg og utviklande barnehagekvardag
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb med verdifulle erfaringar
- God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- Moglegheit for vidare vikariat ved behov
- Eit inkluderande og godt arbeidsmiljø
- Løn etter gjeldande tariffavtale
Kontaktinformasjon
Maria Moland, Styrar Fjone barnehage, 46853091Marianne Bråthen Odden, Styrar i Kyrkjebygda barnehage, 97665770
Natalie Bråthen, Styrar Treungen barnehage, +47 47 62 92 75
Arbeidsstad
Sollivegen 273855 Treungen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Nissedal kommuneReferansenr.: 5080233359
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 04.03.2026
Annonseinformasjon
- FINN-kode 451360881
- Sist endret

